Smittevern ved Volda vidaregåande skule
- Hald deg heime om du har symptom på covid-19 eller er i karantene.
- Følg myndigheitene sine råd om hygiene. Bruk handsprit som står ved inngangane til Volda vgs sine bygg og andre stader der tiltak er sett i verk (kantine, bibliotek, o.a).
- Hald ein meters avstand til folk rundt deg. I skulen sine lokale er det fjerna stolar og/eller markerte sitjeplassar som ikkje skal nyttast. Det er viktig at du ikkje brukar plassar som er sperra, eller set stolane tettare enn slik dei er plasserte.
- Ikkje del ting med andre – for eksempel blyantar, pennar, nettbrett, pc-ar og liknande. Utstyr som blir delt må reingjerast etter bruk.
- Mobiltelefonen din er ei kjelde til smitte. Reingjer den ofte.
- Unngå å ta på dei mest brukte berøringspunkta.
-
- Bruk olbogen til å opne dører.
- Bruk tørkepapir eller jakkeermet når du tek på dørhandtak.
- Steng vasskrana med papir eller olbogen etter handvask.
Dersom du har sterk mistanke om at du kan vere smitta eller har fått påvist covid-19-smitte, ber vi deg om å varsle skulen på telefon: 71 28 23 00 (dagtid) eller til rektor Trond Hjelseth telefon: 90707146 / assisterande rektor Jan Terje Eidset telefon: 47856279 (ettermiddag/kveld)
Information on corona in other languages:
https://www.helsenorge.no/en/coronavirus/information-in-other-languages/