Kontaktpersonar
Dokument
Informasjon 23. mars 2020
Skulen har no køyrt vel ei veke med heimeundervising sidan vi publiserte første informasjonsbrevet i høve korona-situasjonen.Vi følgjer difor opp med ny informasjon om korleis veka har vore, og korleis vi planlegg skuledrifta vidare.
Informasjonsskrivet er sendt til foreldre/føresette via epost i dag, men du finn det også som vedlegg i høgremargen her på denne sida.
Fredag gjennomførte vi ei spørjegransking blant elevane våre, for å få innsyn i kva dei synes om den nye strukturen og innhaldet i fjernundervisinga (heimeundervisinga), og svara på denne finn du også som vedlegg i høgremargen på denne sida.
Ta kontakt med skulen om de har ytterlegare spørsmål til oss.
Beste helsing
Skuleleiinga ved Volda vidaregåande skule.
Oppdatert: 23.03.20