Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Framsida > Informasjon om koronavirus > Smittevern ved Volda vidaregåande skule

Smittevern ved Volda vidaregåande skule

  • Hald deg heime om du har symptom på covid-19 eller er i karantene.
  • Følg myndigheitene sine råd om hygiene. Bruk handsprit som står ved inngangane til Volda vgs sine bygg og andre stader der tiltak er sett i verk (kantine, bibliotek, o.a). 
  • Hald ein meters avstand til folk rundt deg. I skulen sine lokale er det fjerna stolar og/eller markerte sitjeplassar som ikkje skal nyttast. Det er viktig at du ikkje brukar plassar som er sperra, eller set stolane tettare enn slik dei er plasserte.
  • Ikkje del ting med andre – for eksempel blyantar, pennar, nettbrett, pc-ar og liknande. Utstyr som blir delt må reingjerast etter bruk.
  • Mobiltelefonen din er ei kjelde til smitte. Reingjer den ofte.
  • Unngå å ta på dei mest brukte berøringspunkta.
    • Bruk olbogen til å opne dører.
    • Bruk tørkepapir eller jakkeermet når du tek på dørhandtak.
    • Steng vasskrana med papir eller olbogen etter handvask.

Dersom du har sterk mistanke om at du kan vere smitta eller har fått påvist covid-19-smitte, ber vi deg om å varsle skulen på telefon: 71 28 23 00 (dagtid) eller til rektor Trond Hjelseth telefon: 90707146 / assisterande rektor Jan Terje Eidset telefon: 47856279 (ettermiddag/kveld)

Information on corona in other languages:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/infomateriell/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/?term=&h=1

https://www.helsenorge.no/en/coronavirus/information-in-other-languages/

Mistanke om smitte

  • Hald deg alltid heime dersom du har luftvegsinfeksjon eller symptom på covid-19.  
  • Dersom du får luftvegssymptom medan du er på skulen, gje straks melding til læraren din, og du vert då tatt med til karantenerom på skulen og sikker heimreise vert organisert.
  • Hald deg heime til du er heilt fri for symptom på akutte luftvegsinfeksjonar
    • Om du trur du kan være smitta med covid-19, bør du be om å bli testa. Ta då kontakt med fastlegen din per telefon eller ta kontakt med din kommune sin koronatelefon for å bli testa.
  • Det er berre kommunelegen/helsevesenet som kan setje personar i karantene eller isolasjon.
  • Dersom du har fått påvist covid-19, skal du isolerast. Heimeisolering gjeld for dei som har fått påvist covid-19, men som ikkje treng å ligge på sjukehus. 
  • Det er kommunehelsetenesta som er ansvarlege for smittesporing, rettleiing og iverksetjing av tiltak. Skulen er i fortløpande dialog med kommunehelsetenesta, og bidreg på førespurnad i høve tiltak.
  • Det er kommunehelsetenesta som er ansvarlege for smittesporing, rettleiing og iverksetjing av tiltak. Skulen er i fortløpande dialog med kommunehelsetenesta, og bidreg på førespurnad i høve tiltak.
  • Husstandsmedlemer/nærståande til personar som er sett i karantene:

Bekrefta smitte

Kvifor ønsker vi at du også skal varsle skulen om mogleg eller påvist smitte?  Dette gjer det mogleg for Volda vgs å samarbeide med kommunehelsetenesta i deira arbeid med å ivareta smittesporing og forhindre vidare smitte. Alle smittevarsel vil bli behandla forsvarleg med tanke på personvern, og alle varsel vil bli anonymisert så langt det let seg gjere.

Reinhald
Skulen har forsterka reinhald, med ekstra merksemd på alle berøringsflater, handtak og gelender.

Elevane vil i samarbeid med lærarane sine få i oppgåve og ansvar for reinhald av eigne pultar og eige utstyr. 

Treng du nokon å snakke med?

Volda vgs. har gode tilbod for elevar som ønsker nokon å snakke med. Tilbodet er lågterskel, og elevane kan ta kontakt om både små og store bekymringar og problem.

Helsesjukepleiar

Rådgjevartenesta 

Les meir i rettleiar om smittevern for ungdomsskole og videregående skule under covid-19 utbruddet 2020

Opplæring til elevar som ikkje kan møte på skulen

Skulen må finne løysingar som sikrar at elevar som ikkje kan møte på skulen får opplæring heime. Dette gjeld elevar som har milde luftvegssymptom eller som kjenner seg sjuke og elevar som er i karantene og isolasjon.
Les meir om når elevane har krav på opplæring heime og korleis opplæringa kan gjennomførast. 
Informasjon til alle foreldre om koronasituasjonen

Utdanningsdirektoratet har laga ei samleside for foreldre til barn i barnehage og skule med informasjon om ulike tema: 

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/informasjon-til-foreldre/

Du vil også kunne finne meir informasjon på vår heimeside: http://volda.vgs.no/VoldaVGS/Framsida/Informasjon-om-koronavirus

Kjelde: FHI

Kjelde: FHI