Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Framsida > Skulestart 2017

Skulestart 2017

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart.

Vg2 og Vg3 elevar skal bruke dei gamle skjemaa som de finn her.

Inntak

Viktige datoar

ca. 7. juli Svar på 1. gongs inntak
14. juli Svarfrist, 1. gongs inntak
ca 7. august Svar på 2. gongs inntak
10. august Svarfrist, 2. gongs inntak
21. august Skulestart

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

 

Kva du må gjere når du er teken inn som elev

Etter inntaket vil det automatisk verte sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass (i løpet av veke 28). Der får du beskjed om å logge deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til tilboden plass. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.

skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og engangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre dine opplysingar.

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng bl.a. for å legge deg i dei rette klassene. Vi må vite kva matematikkvariant du ynskjer, kva framandspråk du ynskjer, om du treng skuleskyss, om du skal gå toppidrett, kontaktinformasjon til føresette og om du skal ha elev-PC eller PC-stipend. Endeleg val av elev-PC/PC-stipend treng du ikkje gjere før første skuleveka. Den andre informasjonen MÅ vi ha innan 28. juli.

Under finn de lenker til dokument som er nyttige med tanke på dei vala de skal gjere.

 

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her. NB! Dersom du skal gå Medium og kommunikasjon tilrår vi at du vel ei noko kraftigare maskin då du skal arbeide med tunge grafiske program. 

Tilråding MK-maskin:

Skjermkort: Det bør vere eit dedikert skjermkort med minimum 1GB minne. 

Skjerm: Storleiken på dei mest vanlege datamaskinene varierer frå 12 til 15 tommar. 12 tommar er i minste laget. Her er det smak og behag, men hugs at de skal arbeide med desse, gjerne med små detaljar i bilete o.l. Det bør vere minimum full HD oppløysing. (1920 x 1080)

Prosessor: Vi tilrår Intel Core i5 eller i7 prosessor. Det står gjerne i annonsane Intel Core i5-6200U. 6-talet bak i5 viser at dette er 6. generasjon av i5 prosessoren. Det bør vere enten 6. eller 7. generasjon.

Harddisk: Vi tilrår at de vel ein SSD disk. De får noko mindre lagringskapasitet på ein SSD-disk samanlikna med ein «ordinær» harddisk,  men ytinga er mykje betre.

Våre elevar brukar både Mac og PC. Programvaren du skal bruke på Medium og kommunikasjon støtter både Windows og IOS. Har de spørsmål eller treng meir utfyllande informasjon, er det berre å ta kontakt med skulen.

 

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

 

Første skuledag

Første skuledag er måndag 21. august. Det er frammøte i Festsalen på øvre bygg til tidene som er angitt under.

09.00 Vg1 - Alle elevar
09.00 Vg3 - Påbygging (PB) og Vg3 Medium og kommunikasjon (MK)
09.00 Vg4 - Påbygging (PB)
10.00 Vg2 - Alle elevar
10.45 Vg3 - Studiespesialisering (ST) og Musikk, dans og drama (MU)

Kontaktpersonar

Lisbet Ose
Avdelingsleiar ST
71 28 23 07 / Mob. 478 51 220
Send e-post