Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Framsida > Skulestart 2018

Skulestart 2018

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart.

Er du ny elev ved skulen så bør du lese informasjonen under grundig. Det er verdt å merke seg at skulen ikkje lenger har ansvaret for skuleskyss. Om du treng skuleskyss så les avsnittet om skuleskyss lenger nede. Alle som ikkje startar på Vg1 skal fylle ut ein namnesetel. Elevar som skal gå Vg1 treng ikkje fylle ut denne då vi får den informasjonen via skolestart.mrfylke.no. Skal du ta til på Vg3 påbygging må du fylle ut både namnesetel og fagval

 

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2018

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
  • legge inn Førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer på vigo.no
ca. 6. juli Svar på 1. gongs inntak
13. juli Svarfrist 1. gongs inntak
ca 3. august Svar på 2. gongs inntak
6. august Svarfrist, 2. gongs inntak
20. august Skolestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

 

Kva du må gjere når du er teken inn som elev

Etter inntaket vil det automatisk verte sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass. Der får du beskjed om å logge deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til tilboden plass. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.

skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og engangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre dine opplysingar. NB! Passord til portalen blir sendt ut til deg seinast 23.7.18. 

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng bl.a. for å legge deg i dei rette klassene/gruppene. Vi må vite kva matematikkvariant du ynskjer, kva framandspråk du ynskjer, om du skal gå toppidrett, kontaktinformasjon til føresette og om du skal ha elev-PC eller PC-stipend. Frist for val av elev-PC/PC-stipend er 1. september. Den andre informasjonen MÅ vi ha innan 29. juli.

Har du ynskje om kven du vil gå i klasse med så kan du skrive det inn i kommentarfeltet på skolestart.mrfylke.no. Vi kan ikkje love deg at du får innfridd ynskja dine men vi skal gjere så godt vi kan. Dei som skal gå MK, MDD og KDA treng ikkje legge inn ynskje då det er berre ei klasse på desse utdanningsprogramma.

 

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her. NB! Dersom du skal gå Medium og kommunikasjon (MK) eller Kunst, design og arkitektur (KDA) tilrår vi at du vel ei noko kraftigare maskin då du skal arbeide med tunge grafiske program. 

Tilråding MK/KDA-maskin:

Skjermkort: Det bør vere eit dedikert skjermkort med minimum 1GB minne. 

Skjerm: Storleiken på dei mest vanlege datamaskinene varierer frå 12 til 15 tommar. 12 tommar er i minste laget. Her er det smak og behag, men hugs at de skal arbeide med desse, gjerne med små detaljar i bilete o.l. Det bør vere minimum full HD oppløysing. (1920 x 1080)

Prosessor: Vi tilrår Intel Core i5 eller i7 prosessor. Det står gjerne i annonsane Intel Core i5-6200U. 6-talet bak i5 viser at dette er 6. generasjon av i5 prosessoren. Det bør vere enten 6. eller 7. generasjon.

Harddisk: Vi tilrår at de vel ein SSD disk. De får noko mindre lagringskapasitet på ein SSD-disk samanlikna med ein «ordinær» harddisk,  men ytinga er mykje betre. 128 GB er i minste laget. Vi anbefaler 256 GB eller større.

Våre elevar brukar både Mac og PC. Programvaren du skal bruke på MK og KDA støtter både Windows og IOS. Har de spørsmål eller treng meir utfyllande informasjon, er det berre å ta kontakt med skulen.

 

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

 

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

 

Første skuledag

Første skuledag er måndag 20. august. Det er frammøte i Festsalen på øvre bygg til tidene som er angitt under.

09.00 Vg1
10.00 Vg2
10.45 Vg3

Kontaktpersonar

Lisbet Ose
Avdelingsleiar ST
71 28 23 07 / Mob. 478 51 220
Send e-post