Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Framsida > Skulestart 2019

Skulestart 2019

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2019

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
  • legge inn Førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer på vigo.no
ca. 5. juli Svar på 1. gongs inntak
12. juli Svarfrist 1. gongs inntak
ca 2. august Svar på 2. gongs inntak
5. august Svarfrist, 2. gongs inntak
19. august Skolestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

 

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg1

  • Fredag 5. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass
  • Måndag 8. juli vert det sendt ut SMS frå skolestart.mrfylke.no der dei ber søkjarane som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga. NB! Søkjaren må ha takka ja til skuleplass for å kunne fylje ut skjema på skolestart.mrfylke.no
  • Frist for å legge inn informasjon om fagval m.m. er søndag 28.juli. Måndag 29. juli startar skulen med å plassere elevar i faggrupper. Har du ynskje om kven du vil gå i klasse med så kan du skrive det inn i kommentrarfeltet på skolestart.mrfylke.no. Vi kan ikkje love deg at du får innfridd ynskja dine men vi skal gjere så godt vi kan.
  • Frist for å velje PC-ordning (PC eller stipend) er 1. september.

  

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg2 og Vg3

  • Fredag 5. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass
  • Alle som går Vg2 og Vg3 må fylle ut skjemaet Namnesetel. Det er viktig at de gjer dette kvart år slik at vi har oppdaterte opplysingar.
  • Dei som skal gå Påbygging (PB) må fylle ut skjemaet Namnesetel og Val ved inntak Vg3 Påbygging Frist for å legge inn informasjon om fagval m.m. er søndag 28.juli. Måndag 29. juli startar skulen med å plassere elevar i faggrupper.

 

Første skuledag

Første skuledag er måndag 19. august. Det er frammøte i Festsalen på øvre bygg til tidene som er angitt under.

09.00 Vg1
10.00 Vg2
10.45 Vg3

 

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her. NB! Dersom du skal gå Medium og kommunikasjon (MK) eller Kunst, design og arkitektur (KDA) tilrår vi at du vel ei noko kraftigare maskin då du skal arbeide med tunge grafiske program. 

Tilråding MK/KDA-maskin:

Skjermkort: Det bør vere eit dedikert skjermkort med minimum 1GB minne. 

Skjerm: Storleiken på dei mest vanlege datamaskinene varierer frå 12 til 15 tommar. 12 tommar er i minste laget. Her er det smak og behag, men hugs at de skal arbeide med desse, gjerne med små detaljar i bilete o.l. Det bør vere minimum full HD oppløysing. (1920 x 1080)

Prosessor: Vi tilrår Intel Core i5 eller i7 prosessor. Det står gjerne i annonsane Intel Core i5-9300H. 9-talet bak i5 viser at dette er 9. generasjon av i5 prosessoren. Ein bør velje ein av dei siste generasjonane.

Harddisk: Vi tilrår at de vel ein SSD disk. De får noko mindre lagringskapasitet på ein SSD-disk samanlikna med ein «ordinær» harddisk,  men ytinga er mykje betre. 128 GB er i minste laget. Vi anbefaler 256 GB eller større.

Våre elevar brukar både Mac og PC. Programvaren du skal bruke på MK og KDA støtter både Windows og IOS. Har de spørsmål eller treng meir utfyllande informasjon, er det berre å ta kontakt med skulen.

 

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

Dersom du har skysskort frå forrige skuleår må du likevel søke om skuleskyss. Tildeling av skuleskyss skjer for eit år av gongen. Det er viktig at du tek godt vare på kortet då kortet skal nyttast alle tre åra.

 

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

Kontaktpersonar

Lisbet Ose
Avdelingsleiar ST
71 28 23 07 / Mob. 478 51 220
Send e-post