Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Framsida > Skulestart 2020

Skulestart 2020

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2020

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
15. juni

Frist for:

  • innsending av flyttemelding
19. juni

Frist for:

  • legge inn førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer eller e-postadresse på vigo.no
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
ca. 3. juli Svar på 1. gongs inntak
10. juli Svarfrist 1. gongs inntak
ca 31. juli Svar på 2. gongs inntak
3. august Svarfrist, 2. gongs inntak
17. august Skulestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan vi ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

 

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg1

  • Fredag 3. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass
  • Måndag 6. juli vert det sendt ut SMS frå skolestart.mrfylke.no der dei ber søkjarane som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga. NB! Søkjaren må ha takka ja til skuleplass for å kunne fylje ut skjema på skolestart.mrfylke.no
  • Frist for å legge inn informasjon om fagval m.m. er fredag 31.juli. Måndag 3. august startar skulen med å plassere elevar i faggrupper. Har du ynskje om kven du vil gå i klasse med så kan du skrive det inn i kommentrarfeltet på skolestart.mrfylke.no. Vi kan ikkje love deg at du får innfridd ynskja dine men vi skal gjere så godt vi kan.
  • Frist for å velje PC er 1. september.

  

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg2 og Vg3

  • Fredag 3. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass
  • Alle som går Vg2 og Vg3 må fylle ut skjemaet Namnesetel. Det er viktig at de gjer dette kvart år slik at vi har oppdaterte opplysingar.
  • Dei som skal gå Påbygging (PB) må fylle ut skjemaet Namnesetel og Val ved inntak Vg3 Påbygging Frist for å legge inn informasjon om fagval m.m. er søndag 2. august. Måndag 3. august startar skulen med å plassere elevar i faggrupper.

 

Første skuledag

09:00   Vg1 Studiespesialiserande møter ute på skuleplassen framfor hovudinngangen til skulen. (Om det er dårleg ver går vi inn i Festsalen etter opprop). Hugs å halde 1-meters avstand til kvarandre.

10:00   Vg1 Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama og Kunst, design og arkitektur møter ute på skuleplassen framfor hovudinngangen til skulen. (Om det er dårleg ver går vi inn i Festsalen etter opprop). Hugs å halde 1-meters avstand til kvarandre.

12:00   Påbygg-klassene møter utanfor Festsalen (v/hovudinngang/ kantine).  Elevane vert plassert i Festsalen etter kva klasse dei høyrer til.

 

Vg2- og Vg3-elevar møter kontaktlærarane sine direkte i klasseroma:

(Eventuelle nye elevar på Vg2 og Vg3 vil få melding om kvar dei skal møte).

10:30   Vg2 møter på desse klasseroma:

KLASSE KLASSEROM
2ST1 K205
2ST2 K204
2ST3 K206
2ST4 K207
2KDA K115
2MK1 R3
2MU1 R5

 

12:30   Vg3 møter på desse klasseroma:

KLASSE KLASSEROM
3ST1 K304
3ST2 K305
3ST3 K306
3ST4 K307
3KDA K307
3MK1 R1
3MU1 R4

 

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her. NB! Dersom du skal gå Medium og kommunikasjon (ME) eller Kunst, design og arkitektur (KD) tilrår vi at du vel ei kraftigare maskin då du skal arbeide med tunge grafiske program. PC-ordninga er veldig gunstig då fylket subsidierer PC-en med eit større beløp. Om søsken eller foresatte treng ei datamaskin så er det ikkje noko i vegen for å kjøpe ei maskin du ikkje nyttar i det daglege skulearbeidet.

Tilråding ME/KD-maskin:

Skjermkort: Det bør vere eit dedikert skjermkort med minimum 1GB minne. 

Skjerm: Storleiken på dei mest vanlege datamaskinene varierer frå 12 til 15 tommar. 12 tommar er i minste laget. Her er det smak og behag, men hugs at de skal arbeide med desse, gjerne med små detaljar i bilete o.l. Det bør vere minimum full HD oppløysing. (1920 x 1080) Vi ser at fleire av elevane på KDA har valt ei maskin med touchskjerm for å kunne teikne rett på skjermen.

Prosessor: Her bør de velje ein Intel i5 eller i7 eller ein AMD Ryzen 5 eller 7. 

Minne: Det er anbefalt å ha minimum 16 GB minne når de skal redigere video i 4K.

Harddisk: Vi tilrår at de vel ein SSD disk. De får noko mindre lagringskapasitet på ein SSD-disk samanlikna med ein «ordinær» harddisk,  men ytinga er mykje betre. 128 GB er i minste laget. Vi anbefaler 256 GB eller større. Heile Adobe pakken er på om lag 70 GB.

Våre elevar brukar både Mac og PC. Programvaren du skal bruke på MK og KDA støtter både Windows og IOS. Har de spørsmål eller treng meir utfyllande informasjon, er det berre å ta kontakt med skulen.

 

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

Dersom du har skysskort frå forrige skuleår må du likevel søke om skuleskyss. Tildeling av skuleskyss skjer for eit år av gongen. Det er viktig at du tek godt vare på kortet då kortet skal nyttast alle tre åra.

 

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

Kontaktpersonar

Lisbet Ose
Avdelingsleiar ST
71 28 23 07 / Mob. 478 51 220
Send e-post