Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Maurtua Escape - Volda sitt fyrste "Escape Room"

Elevar og lærarar ved Volda vidaregåande skule har laga Volda sitt fyrste "Escape Room"

Les meir

Orienteringsmøte for føresette til 10.klassingar

Vi vil med dette ønske føresette til 10.klassingar hjarteleg velkomne til orienteringsmøte om vidaregåande opplæring og utdanningstilbod, onsdag 16.januar 2019, klokka 19.30 i Festsalen, øvre bygg (gymnasbygget).

Les meir

Fagval for skuleåret 2019-2020

Alle elevar på Vg1 og Vg2 skal levere inn fagval for neste skuleår innan 13. februar. Sjå skjema ved å følgje lenkja nedanfor. Er du usikker på kva val du skal ta så vert det fagvalsinformasjon 29. januar i realfagsavdelinga.

Les meir

Undervisningsevalueringa 2018-19

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Les meir

Prøveval hausten 2018

Alle elevar på Vg1 og Vg2 skal levere inn prøveval for neste skuleår innan 28. november. Sjå skjema ved å følgje lenkja nedanfor. 

Les meir

Orienteringsmøte for føresette Vg2 - 2018/2019

Vi inviterer med dette til orienteringsmøte for foreldre og føresette til Vg2-elevar skuleåret 2018-2019,

I Festsalen, Måndag 17. september klokka 19:00

Vel møtt!

Les meir

Møte for føresette Vg1 - skuleåret 2018-2019

Onsdag 12. september klokka 19:00 vert det møte for føresette til elevar på Vg1, i Festsalen på skulen.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Les meir

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no

NB! Det er nye rutiner på dette frå skulestart 2018. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

Les meir

Første skuledag

Første skuledag er måndag 20. august. Det er frammøte i Festsalen på øvre bygg til tidene som er angitt under. Vel møtt til nye og gamle elevar.

09.00 Vg1
10.00 Vg2
10.45 Vg3
Les meir

NY info 25. juli - Inntak og eingongspassord på SMS

Det er berre å beklage at Møre og Romsdal fylkeskommune endå ikkje har fått sendt ut sms med påloggingsinformasjon til skolestart.mrfylke.no for elevane som er tatt inn på Vg1. På grunn av ny anbudsrunde på ElevPCane så har det dratt ut i tid. Det som manglar no er noko informasjon frå leverandøren av ElevPCen som vi håper på kjem ganske snart. På fylket antyda dei at det kunne gå over helga men vi håper at det skal vere klart allereie i morgon eller seinast på fredag.

Når de etterkvart får smsen så håper vi at de raskt kan gå inn å registrere den informasjonen som er etterspurt slik at vi kan starte prosessen med å legge klasser, faggrupper, m.m.

Les meir