Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Fjernundervising grunna skulestenging

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker.

Les meir

Koronaviruset- stopp av reiser og innstramming av møte og arrangement

Her finn de informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune om råd og tiltak som er sette i verk pr. 11. mars 2020.

Les meir

Råd og informasjon om koronaviruset

Vi har per i dag ingen varsel om at elevar eller tilsette hos oss har fått påvist smitte eller sit i karantene som følgje av koronaviruset. 

Møre og Romsdal fylkeskommune forheld seg til dei råda som Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet går ut med. Sjå utdrag under og lenkjer for meir informasjon.

Les meir

Mellombels lemping av dokumentasjonskravet

På grunn av koronaviruset har myndigheitene gått ut med unntak frå dokumentasjonskravet om erklæring frå lege/helsepersonell i høve 10%-regelen. Unntaket gjeld ut skuleåret.

Les meir

Orienteringsmøte for føresette til 10.klassingar

Vi vil med dette ønske føresette til 10.klassingar hjarteleg velkomne til orienteringsmøte om vidaregåande opplæring og utdanningstilbod, torsdag 16.januar 2020, klokka 18.00 i Festsalen, øvre bygg (gymnasbygget).

Les meir

Informasjon om undervisningsevalueringa 2019-20

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-20   
Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Les meir

Velkomen til hospitering

Velkomen til hospitering ved Volda vidaregåande skule.

Alle besøkande møter i Festsalen på øvre bygg kl. 09.00 til felles orientering. Alle elevar får enkel lunsj kl. 11.15. 

Les meir

Prøveval for deg som går Vg1 og Vg2

12. november vert det fagvalsinformasjon for deg som går Vg1 eller Vg2 i realfagsavdelinga på øvre bygg. 

Les meir

Informasjon om Elevundersøkinga

Føremålet med Elevundersøkinga er at elevane anonymt skal få seie si meining om læring og trivsel på Volda vidaregaånde skule. Det er ei landsomfattande undersøking, og alle elevane I Noreg svarar på dei same spørsmåla. Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig, og blir nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forskingsformål av forskarar som får utlevert grunnlagsdata. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Skoleporten.

Les meir

Informasjon om læringsstøttande prøver på Vg1

Informasjon til elevar og føresette om læringsstøttande prøver på Volda vidaregåande skule hausten 2019

I perioden 26. august – 13. september 2019 gjennomfører Volda vidaregåande skule nasjonale læringsstøttande prøver på første klasse (Vg1) i rekning, lesing og engelsk. Prøvene er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, og det er dei same prøvene som vert nytta over heile landet.  Prøvene vert gjennomført elektronisk, og tidsramma er 60-90 min.  Det er faglærarane i matematikk, norsk og engelsk som gjennomfører prøvene med sine elevar

Les meir