Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Juleverkstad på MK 7. desember 2012

Fredag 7. desember vart den tradisjonelle juleverkstaden for MK-elevane avvikla. Tida etter lunsj var dei samla på rom 3, 6 og 8 på nedre til julekos.

Les meir

NB! Juleradio torsdag 20. desember

Denne julesendinga var opprinneleg sett opp fredag 14. desember, men pga. gravferd er sendinga flytta til torsdag 20. desember. Elevar frå 1MK og 2MK som har prosjekt til fordjuping i lyddesign og lydproduksjon, vil streame live ei radiosending som skal setje deg i julestemning. Så stay tuned!

Les meir

Kyrkjekonsert med musikklinja 15. november 2012

For 17. gongen arrangerte musikklinja ved Volda vgs. kyrkjekonsert i Volda kyrkje torsdag 15. november 2012.

Les meir

Utprøving av utdanningsprogram 5., 6. og 7. november

Desse tre dagane var til saman 360 10.-klassingar på besøk for å prøve ut utdanningsprogramma våre. Alle 10.-klassingar på Søre Sunnmøre prøver ut to utdanningsprogram i to dagar i veke 45, samtidig med resten av fylket.

Les meir

Fotosafari til Flø 19. oktober

Det har blitt ein årleg tradisjon at fotogruppa i PTF (prosjekt til fordjuping) drar på fotosafari til Flø. Det er sosialt å dra på tur, ein får sjå flott sunnmørsnatur og ikkje minst får ein prøve seg som fotograf med forskjellige motiv. Og ein veit ikkje alltid kva som ventar der ute.

Les meir

Ny skulelogo og skuleguide

I samband med utgjevinga av den årlege skuleguiden, laga av 2MK, vart også den nye skulelogoen presentert. Den tek utganspunkt i skulen sin visjon: "Mot høgare mål".

Les meir

Føredrag i psykologi 05.10.2012

Nina Kavita Heggen Bahl fekk i 2010 eit stipend frå minnefondet etter tidlegare rektor Olav Riste for å drive datainnsamling i Mumbai, India. Ein av føresetnadene for tildelinga var at ho skulle halde eit føredrag på skulen etter at arbeidet var ferdig. Dette gjorde ho altså 5. oktober.

Les meir

Karrieredagane 2012

Onsdag 26. og torsdag 27. september var det karrieredagar i Voldahallen og på Høgskulen i Volda for 10.-klassingar på Søre Sunnmøre. Føremålet var å gi dei eit betre innblikk i vegen vidare mot utdanning og yrke.

Les meir

Huskonsert torsdag 20. september

Torsdag 20. september var det huskonsert i festsalen, presentert og produsert av elevar frå 3MU, som eit prosjekt i faget produksjonsleiing. Festsalen var fullsett og det var stor stemning.

Les meir

Skuleavslutning 20. juni

Den tradisjonelle "festlunsjen" for pensjonistar og tilsette gjekk av stabelen onsdag 20. juni. Vi var slitne etter ein travel vår og programmet var difor relativt kort, slik at festleiar Lisbet Ose presenterte seg som "festadministrator".

Les meir