Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Inntak til vidaregåande opplæring i 2015

Svar på 1. gongs inntak vert omlag 8. juli med svarfrist 15. juli. Dei andre datoane finn du på villbli.no. Sjå lenke under.

Søknadsfristar og inntakskalender Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter 7. juli og fram til og med 14. august kan du ta kontakt med inntakskontoret på inntak@mrfylke.no eller på telefon 71258775 mellom kl. 10.00 -13.00.

Les meir

Skulestart hausten 2015

Vi ønsker nye og gamle elevar velkomne til eit nytt skuleår på Volda vidaregåande skule, måndag 17. august, i festsalen på  øvre bygg.

Les meir

PC-ordning skuleåret 2015-2016

Informasjon om PCen og ordninga finn de ved å klikke her.

Les meir

SMISO samling for russen

Husk på SMISO samlinga som er i festsalen torsdag 16. april 2015 frå klokka 11.40 til 13.15. SMISO, Politi, NKS(saniteten) og helsesøster vil vere tilstades i lag med russestyret. Det blir utdelt ”goodiebags”.

Les meir

Søking til vidaregåande opplæring 2015/2016

Alle som skal søke skuleplass i vidaregåande opplæring må gjere dette på nettstaden vigo.no. Du må bruke MinID for å logge deg inn på vigo. MinID kan også brukast til andre offentlege elektroniske tenester, m.a. søking om stipend/lån hos Lånekassen, søking om frikort/skattekort hos skatteetaten eller melding om flytting til folkeregisteret.

Les meir

Faglærarsamtalar vg1

Vi ynskjer velkome til faglærarsamtalar våren 2015.

Det er sendt ut invitasjon til foreldre og føresette med aktuelle datoar og tidspunkt. Alle samtalar blir haldne på øvre bygg ved skulen.

Faglærarsamtalane startar kl 1700, og vi reknar med 15 minutt til kvart foreldrepar.  Det kan avtalast ny samtale om tida ikkje strekk til.

Foreldresamtalar er berre eitt av fleire alternativ for kontakt mellom heim og skule.  Vi oppmodar føresette om å ta kontakt med skulen så ofte de måtte føle behov for det.

Med vennleg helsing

VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE

Les meir

Informasjonsmøte for foreldre og føresette for 10. klassingar

Vi ynskjer foreldre/føresette for 10. klassingar hjarteleg velkomne til

Informasjon om utdanningstilbod ved Volda vgs 

Torsdag 29. januar 2015 kl. 1900

Festsalen, øvre bygget (gymnasbygget)

10. klassingen er også velkomen til å vere med.

 

Rådgjevarane orienterer om vidaregåande opplæring med vekt på utdanningsprogramma ved skulen, mellom anna regionstilboda i Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon. Etter orienteringa vert det høve til å oppsøke fagkoordinatorar på stands/eigne rom for meir utfyllande informasjon om fag og utdanningsprogram.

 

Vel møtt!

Les meir

God jul

Volda vidaregåande skule vil ynskje alle våre samarbeidspartnerar ei riktig god jule og eit godt nytt år.

Les meir

Volda Vgs inviterer til temakveld for føresette om førebygging av rusproblem for elevar ved skulen.

Målsetjing er å få spreidd informasjon og kunnskap om relevante sider ved temaet, og å styrke banda mellom elevar, føresette, skulen og hjelpeinstansane.

Les meir

Hospitering, informasjon til elevar i 10. klasse

Velkomen til hospitering ved Volda vidaregåande skule. Under finn de eit dokument med informasjon og plan for dagen.

Les meir