Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Orienteringsmøte for føresette Vg1

Vi kallar med dette inn til orienteringsmøte for foreldre/føresette til vg1-elevar

onsdag 3. september 2014 kl. 19.00 (til ca. 20.30)

i festsalen, øvre bygget

Les meir

Informasjon om kartlegging av elevar på Vg1

Elevar som no har byrja i første klasse på Volda vidaregåande skule kjem til å verte kartlagd i lesing, rekning og engelsk i løpet av dei første vekene.

Les meir

Endra frist for PC-stipend

Fristen for å søke om PC-stipend og Fylkes-PC er utsett frå 4. juli til 21. juli. All registrering skjer på nett, også PC-stipend. 
Logg inn via www.ungweb.no for å gjennomføre registreringa di.

Les meir

Skulestart hausten 2014

Vi ønsker nye og gamle elevar velkomne til eit nytt skuleår på Volda vidaregåande skule, måndag 18. august, i festsalen på  øvre bygg.

Alle elevar i Vg1 møter til kl. 09.00

Alle elevar i Vg3 påbygging (PB) møter til kl. 09.00

Alle elevar i Vg2 møter til kl. 10.00

Alle elevar i Vg3 (ST, MK, MU, TK) møter til kl. 10.45

Vi vonar at du som er innteken som elev ved Volda vidaregåande skule for skuleåret 2014-2015 sjekkar ut kva skjema som kan vere aktuelle for deg å fylle ut innan 27. juli. Følg denne lenkja, eller klikk deg vidare inn på Elevtenester -> Skjema.

Les meir

Inntak til vidaregåande opplæring i 2014

Svar på 1. gongs inntak vert omlag 8. juli. Dei andre datoane finn du på villbli.no. Sjå lenke under.

Søknadsfristar og inntakskalender Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter 8. juli og fram til og med 16. august kan du ta kontakt med inntakskontoret på inntak@mrfylke.no eller på telefon 71258775 mellom kl. 10.00 -13.00.

Les meir

MK-Oskar 2014

mkoskar1_2014

Tysdag 22. april arrangerte MK sin eigen mediefest i Festsalen på skulen. Her var årets medieproduksjonar nominerte, og mange spente elevar sat i salen, då publikum og juryen vart presentert for produkta deira. Sjå presentasjon av vinnarane her.

mkoskar2_2014
Les meir

Straks klart for Musikalen 2014

Den årlege musikalske storhendinga ved Volda vidaregåande skule er straks på trappene igjen. I år er det musikalen "Moulin Rouge" som skal ta publikum med storm på Ørsta Kulturhus. Premieren er onsdag 12. februar klokka 19.30.

Les meir

Søking til vidaregåande opplæring 2014/2015

Alle som skal søke skuleplass i vidaregåande opplæring må gjere dette på nettstaden vigo.no. Du må bruke MinID for å logge deg inn på vigo. MinID kan også brukast til andre offentlege elektroniske tenester, m.a. søking om stipend/lån hos Lånekassen, søking om frikort/skattekort hos skatteetaten eller melding om flytting til folkeregisteret.

Les meir

Foreldremøte for elevar i 10.klasse

Torsdag 16. januar var det informasjonsmøte for foreldre og føresette til elevar som no går i 10. klasse.

Vi takkar for eit godt møte. Særleg kjekt er det å sjå at så mange av 10.klassingane også valde å ta turen hit.

Det er alltid mykje detaljert informasjon på slike møter, og difor legg vi ut denne som tekstdokument for nærare gjennomsyn tilgjengeleg for alle.

Tekstdokumentet finn de i høgre margen på denne sida:  

Aktuell informasjon.

Les meir

Samtalar med faglærarar våren 2014

Vi inviterer føresette for umyndige elevar til å møte kvar einskild faglærar: 

Onsdag 22. januar: Alle  Vg 2-klassene

Tysdag 28. januar:  1ST3, 1ST4, 1MK1, 1SA1

Torsdag 30. januar:  1ST1, 1ST2, 1MU1

Det vert sett opp 15 min. avtalar frå kl 1700 dei aktuelle dagane.

Les meir