Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter

Siste kveld med russen 2013

Onsdag 19. juni arrangerte Volda vgs. ein tradisjonell avsluttingsfest for elevane på Vg3. Det var godt frammøte, om lag 200 ungdommar i sin finaste stas, fylte av både glede og vemod. Biletet under viser klasse 3PB2. Klikk for forstørring.

Les meir

Miljødagar Volda vgs. 13.-14. juni 2013

Volda vidaregåande skule vart godkjend som miljøfyrtårn i mai 2013, etter å ha oppfylt alle bransjekrava gjennom ein årelang sertifiseringsprosess. Godkjenninga gjeld i 3 år. Torsdag 13. og fredag 14. juni arrangerte skulen miljødagar for å setje ekstra fokus på miljøinnsats og samfunnansvar.

Les meir

MK-OSKAR 23. mai 2013

For 2. gong var medielinja (MK) sitt årlege Oskar-show lagt til studenthuset "Rokken".

Les meir

Aktivitetsdagen 16. mai 2013

Den tradisjonelle aktivitetsdagen rett før 17. mai gjekk i år av stabelen torsdag 16. mai, med inntogsmarsj, kåring av fane, tale av rektor, taudraging, russedans, russerulle og fotballkamp mellom russen og lærarane.

Les meir

Russebilkåring 14. mai

Tysdag 14. mai gjekk den årlege russebilkåringa av stabelen. Som vanleg var juryen sett saman av tilsette, denne gongen lærarane Gunnar Aurdal, Randi Holsvik og Dace Dizbite Ose.

Les meir

Jan Terje Eidset ny avdelingsleiar

Vi melder med dette at Jan Terje har takka ja til stillinga som avdelingsleiar ved skulen. Han tiltrer stillinga 1. august. 

Les meir

1MK1 på direkten i P3morgen!

Klasse 1MK1 på Volda vidaregåande skule har lydprosjekt for tida der dei skal lage radiomagasin. For å "kome i modus" lytta dei til programmet "P3morgen" måndag 15. april, med berre lyden av radioen og blafrande telys i mørkt klasserom.

Les meir

Suksess for ungdomsbedrift frå Volda vgs!

Nam UB frå Volda vidaregåande skule hevda seg godt på fylkesmessa for ungdomsbedrifter og skal delta i NM for ungdomsbedrifter i klassen for beste reklamefilm.

Les meir

Konsert på Rokken 9. april

Tysdag 9. april arrangerte klasse 3MU konsert på studenthuset "Rokken". Konserten var ei prøve i faget Produksjon og leiing.

Les meir

Russemøte med SMISO 4. april

Russ, rus og sex

Russestyret  inviterte til møte i ein utvida midt-time torsdag 4 april. Temaet var russ, rus og sex. Arrangementet var i samarbeid mellom SMISO (senter mot incest og seksuelle overgrep), helsesøster, valdskoordinator og psykososialt team i Volda kommune.

Les meir