Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > 2. plass til elevar frå Volda vgs

2. plass til elevar frå Volda vgs

Helene Dammerud, Elias Nygård, Hallvard Widerøe Rotevatn og Chris Skjærvik i 2MK1 tok 2. plass i åretsDeathTrip-konkurranse, ei landsomfattande konkurranse der elevar frå vidaregåande skular vert engasjert til å lage haldningskampanjer mot ruskøyring.

Ansvarlige for prosjektet er MA – rusfri trafikk og livsstil og MA-Ungdom. Blant bidrag frå over 40 vidaregåande skular i heile landet, vart bidraget frå debutantane i Volda plukka ut som éin av ti finalistar.

Finalen og prisutdelinga gjekk føre seg på Filmens Hus i Oslo tysdag 10. mai. Her presenterte elevane i 2MK1 kampanjen sin for ein nesten fullsett sal. Kampanjen bestod av ein animasjonsfilm, to plakatar og ein radiospot.

Juryen meinte at kampanjen hadde ein lettfatteleg og tydeleg bodskap, og at mellom anna humor var nytta som eit effektivt verkemiddel.

Elevane presenterer sitt bidrag for juryen

(Foto: Håvard Krøvel-Velle)

Elevane presenterer sitt bidrag for juryen

(Foto: Håvard Krøvel-Velle)

Programleiar for finalerunden Henrik Thodesen

(Foto: Håvard Krøvel-Velle)

Konferansier var komikar Henrik Todesen, som også presenterte ei videohelsing frå sjølvaste statsminister Erna Solberg.Premien for 2. plass var ein sjekk på 15.000 kroner.