Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Bispevisitas 17.01.2007

Bispevisitas 17.01.2007

Domprost og fungerande biskop Øystein Bjørdal møter elevar på VKII

Onsdag 17. januar skulle vi eigentleg ha biskop Odd Bondevik på besøk, men han måtte melde sjukdomsforfall.

I staden hans møtte domprost og fungerande biskop Øystein Bjørdal. Visitasen var ordna som eit møte med dei 5 klassene som har religion og etikk på timeplanen, 3AF1, 3AF2, 3AF3, 3ØA1 og 3MU. Alle elevane hadde laga spørsmål, og eit panel på 8 stilte dei til den fungerande biskopen. Både han og publikum var imponerte over dei gode spørsmåla. Bjørdal ga gode og ærlege svar, men måtte vedgå at nokre av spørsmåla var svært vanskelege å svare godt og utfyllande på, t.d. kvifor Gud tillet vondskap eller kva som er meininga med livet.

Under kan du sjå nokre bilete av panelet og eit bilete frå salen, som følgde svært godt med på runden med spørsmål og svar.

Visitas1

I panelet sat (frå venstre): Einar Kriken Fylling, Abel Ola Gervacio, Marita Reite Wiik, Agnes Walton, Øystein Bjørdal, Anna Kiperberg Werenskjold, Silje Solheim Bjerkvik, Susanne Tvergrov og Mats Humberset.

Visitas3
Visitas2
Visitas4

Intens diskusjon mellom Øystein Bjørdal, Agnes Walton, Marita Wiik og Abel Ola Gervacio etter at debatten var over.