Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Direkte sending med Radiohaud!

Direkte sending med Radiohaud!

Fredag den 19. januar er det endeleg klart for første direkte sending med Radiohaud!

Det er ei gruppe elevar frå medie- og kommunikasjonslinja ved Volda vgs. som har jobba aktivt med å lage skuleradio kvar fredag. Dei føler seg no klare for si første direkte sending og har litt av kvart å by på. Radiohaud er ein del av arbeidet med det nye faget "prosjekt til fordjuping", som er omtala litt lenger nede på nyheitssida. Sendinga går kl. 19 på Bygderadio Vest sine frekvensar (105,5/103,7/104,9).

Under finn du ein peikar til ei pressemelding om Radiohaud, som PDF-fil.