Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Fjernundervising grunna skulestenging

Fjernundervising grunna skulestenging

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker.

Legg opp til digital undervisning for elevar

Undervisninga vil frå i morgon av gjennomførast digitalt. Elevar og tilsette skal i dag ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning.

Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.

Når det gjeld elevar med behov tilpassa opplæring, vil det vere tett dialog mellom heim og skole om denne situasjonen. 

Det er difor viktig at våre elevar held seg oppdaterte via itslearning, skulen si heimeside og facebookside. Konkret informasjon om undervisinga i morgon fredag 13.3 har elevane allereie fått orientering om via itslearning.