Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Foresattepålogging i Skolearena

Foresattepålogging i Skolearena

Under finn de eit sammendrag på korleis de registrer dykk og korleis de loggar inn i Skolearena som foresatt. m.m.

Skolearena

Registrering:

  1. Gå til skolearena.no og klikk på Foresatte
  2. I neste skjermbilde klikkar de på Ny foresatt bruker
  3. Skriv inn nødvendig informasjon.
    (Er de usikre på korleis de gjer dette, klikk på Video: Hvordan registrerer jeg meg
  4. Når alt er fylt ut og sendt får kontaktlærar ei melding om at det ligg ein førespurnad om å bli godkjent som foresatt bruker. Kontakt læraren må då gå inn og godkjenne denne.
  5. Det blir då sendt ei melding til deg om at du no kan logge deg inn.

Logg deg på Skolearena:

  1. Gå til skolearena.no og klikk på Foresatte.
  2. Skriv inn brukarnamn og passord som du sjølv har valgt
  3. Vel Møre og Romsdal fylke i nedtrekkslista.

Dersom det ikkje fungerer så er det berre å ta kontakt med Olav Trandal (70059308) så vil han hjelpe til med å løyse problemet.

E-postvarsel vedr. vurderingar

Vi har dei siste dagane hatt nokre telefonsamtalar frå foresatte vedr. meldingar frå Skolearena om ny vurdering er lagt til. Når de kjem inn i Skolearena så ligg der ingen vurderingar. Dette er fordi faglærarane må inn å publisere fleire stadar. Både i vurderinga (på eit overordna nivå) og i vurderinga på kvar enkelt elev. De vil få ei melding for kvar publisering (Dvs. 2 meldingar for kvar prøve, innlevering, e.l.) De kan sjølve gå inn og velje å skru av denne varslinga inne i Skolearena når de redigerer profilen.

Har de fleire spørsmål angåande dette er det berre å ta kontakt.