Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Fristar for innsøking til vidaregåande opplæring

Fristar for innsøking til vidaregåande opplæring

Det nærmar seg søknadsfristar for innsøking til skuleplass for skuleåret 2016-2017, og vi ynskjer i samband med det å minne om fristane.

Du kan lese meir om dette og om aktuelle utdanningsprogram på http://www.vilbli.no/

voldavgs_ovrebygg

1. mars er ordinær søknadsfrist for inntak til vidaregåande skule og formidling til læreplass.

1. februar er søknadsfrist

  • ved søknad om fortrinnsrett
    • for søkjarar til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1
    • for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
    • for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk
    • for søkjarar med vedtak om utvida tid.
  • for søkjarar som har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring.
  • for søkjarar som nyleg har komme til Noreg.
  • ved søknad om individuell behandling
    • for søkjarar til Vg1 som har rett til spesialundervisning og som manglar karakter i meir enn halvparten av faga
    • for søkjarar til Vg1 som har hatt særskilt språkopplæring i grunnskolen og som manglar karakter i meir enn halvparten av faga
    • for søkjarar til Vg2 eller Vg3 med enkeltvedtak om spesialundervisning og som manglar karakter i fleire fag eller følgjer eit planlagt løp mot grunnkompetanse
    • for søkjarar som må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.
  • ved søknad om formidling til læreplass for lærekandidatar.

Sjå òg informasjon frå fylket ditt nedanfor.

Du søkjer via nettstaden vigo.no (logg inn med MinID). Nettstaden er open heile døgnet frå byrjinga av januar og fram til søknadsfristen. Han stengjer kl. 23.59 den dagen det er søknadsfrist.

Du kan ikkje søkje via Internett etter at søknadsfristen er gått ut. Ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt for nærmare informasjon