Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Gradvis opning av skulen

Gradvis opning av skulen

Det vart i går bestemt at alle vidaregåande skular skal opne gradvis frå og med neste veke, og at alle elevar skal kunne kome innom skulen i løpet av vekene framover. Vi må likevel understreke at vi grunna smitteverntiltak med omsyn til blant anna romkapasitet og transportutfordringar ikkje kan ha alle elevane våre samstundes på skulen. Vi må difor køyre ein kombinasjon av opplæringa fysisk på skulen og digitalt heimanfrå, etter eigen plan.

Vi er svært glade for at vi igjen kan ta imot grupper av elevane våre fysisk på skulen, og vi er opptekne av at dette skal skje trygt og innanfor moglege rammer. Vi har difor byrja arbeid med planar for opplæringa framover i tråd med gjeldande smittevernreglar, og det som kan fungere best i høve lokale forhold.  

Vi oppdaterer planar og meldingar til elevar og tilsette via våre skuleadministrative system, medan foreldre/føresette kan orientere seg i planverket gjennom lenkja til timeplan her på vår heimeside. Sjå fanen Timeplan (ny) på framsida. I tillegg er du som føresett hjarteleg velkomen til å ta kontakt med skulen (kontaktlærar/administrasjon) dersom det er noko du lurer på i denne situasjonen.

Viser også til vår eigen OSS (ofte stilte spørsmål) der ein kan finne svar på dei spørsmåla som ofte vert stilt.

Mvh

Leiinga.