Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > INFORMASJON FRÅ KOMMUNELEGEN KNYTT TIL SMITTEUTBROT OG SKULEDRIFT VIDARE

INFORMASJON FRÅ KOMMUNELEGEN KNYTT TIL SMITTEUTBROT OG SKULEDRIFT VIDARE

Vi som skuleleiing er i jamn og god dialog med kommunelegen, og må, som tidlegare presisert, følgje deira tilrådingar knytt til både drift og tiltak. 

Kommuneoverlegen, som ansvarleg smittevernmynde, har no i ettermiddag, etter at nesten alle prøvesvar er analyserte – med negative resultat, konkludert med at det ikkje er naudsynt med tiltak utover karantene for dei som allereie er definerte nærkontaktar til smitta personar.

Det betyr at alle elevar og tilsette som ikkje er i karantene trygt kan kome på skulen som normalt frå i morgon av, og resten av denne veka.

Det vil sjølvsagt verte gitt beskjed på kort varsel, om dette bilete skulle endre seg. Alle må difor halde seg oppdatert på meldingar som ev. måtte kome via Teams og publisert på skulen si heimeside.

Dei nasjonale retningslinene frå Folkehelseinstituttet for smittereduserande tiltak på gult nivå gjeld naturlegvis framleis, og vi minner om desse:

  1. Ingen syke skal møte på skolen
  2. God hygiene og forsterket renhold
  3. Kontaktreduserende tiltak:

    Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
    Hele klasser regnes som en kohort*
    Ansatte kan veksle mellom kohorter*/klasser, men holde avstand til elever hvis mulig
    Unngå trengsel og store samlinger
    Holde avstand i pauser/friminutt

 

Vi gjer også, for ordens skuld, merksam på det mellombelsefråværsreglementet som gjeld skuleåret 2020-2021:

Lenke:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/forlenger-mellombelse-unntak-fra-fravarsreglane-ut-skulearet/id2782382/

 

Innhald i meldinga:

“Kunnskapsdepartementet forlenger dei mellombelse unntaka frå fråværsreglane til å gjelde ut heile skuleåret. Det betyr mellom anna at dei vanlege dokumentasjonskrava ved fråvær av helsegrunner ikkje gjeld.

– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei ikkje skal møte på skulen. Vi forlenger unntaket i fråværsreglane slik at elevar som skal vere heime av smitteverngrunner, ikkje skal føle seg pressa til å dra på skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Dette gjeld elevar med milde, nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle, elevar i karantene eller isolasjon og elevar som sjølv er i risikogruppe eller har nær familie som er det.

Skulane har plikt til å følgje opp
Elevar som ikkje kan delta i undervisninga på skulen, men som ikkje er sjuke, har framleis plikt til å delta i opplæring heimefrå slik at læraren har godt nok grunnlag for å setje karakter.

– No er det viktig at skulane følgjer opp elevar som er heime av helsemessige årsaker. Skulane har plikt til å finne gode løysingar som sikrar at elevar får eit godt opplæringstilbod uansett om dei er heime eller fysisk på skulen, seier Melby.

Skulen skal legge til rette for at elevane får den opplæringa dei har krav på, både når det gjeld langvarig og gjentatt fråvær. I ein slik situasjon, der elevane deltar i opplæring heime, skal det ikkje førast fråvær.

Dette er forskriftene
Elevar som av helsemessige årsaker har måtta vere borte frå skulen etter 23. august, skal ikkje få ført fråværet sitt på vitnemålet. Fråvær av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråvær, mellom anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon og dessutan milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. Etter denne datoen gjeld heller ikkje dei vanlege dokumentasjonskrava for slikt fråvær.

Sjølv om dei vanlege krava til dokumentasjon ikkje skal gjelde, må elevar yngre enn 18 år få stadfesting frå ein føresett. Elevar over 18 år kan bruke egenmelding.

Forskriftsendringane trer i kraft 1. november 2020”.

 

Viktig å merke seg elles:

Det er kommunehelsetenesta som handterer alt som er knytt til Covid-19, og det er også desse som straks må kontaktast dersom det er spørsmål eller opplysingar som er relevante for ev. testing eller smittesporing . Skulen vert kontakta/får opplysingar frå kommunelækjaren dersom vi må koplast på for ytterlegare bistand i høve varsling eller anna. 

Kontakt rektor eller ass. rektor per e-post eller telefon dersom noko er uklårt.

Trond Hjelseth, trond.hjelseth@mrfylke.no, 90 70 71 46 (rektor)

Jan Terje Eidset, jan.terje.eidset@mrfylke.no, 47 85 62 79 (ass. rektor)

Med beste helsing,

Trond, rektor