Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Informasjon om Elevundersøkinga

Kontaktpersonar

Jørund Fet
Avdelingsleiar ST
71 28 23 05 / Mob. 412 76 548
Send e-post

Informasjon om Elevundersøkinga

Føremålet med Elevundersøkinga er at elevane anonymt skal få seie si meining om læring og trivsel på Volda vidaregaånde skule. Det er ei landsomfattande undersøking, og alle elevane I Noreg svarar på dei same spørsmåla. Resultata frå undersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig, og blir nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle elevane sitt læringsmiljø. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forskingsformål av forskarar som får utlevert grunnlagsdata. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Skoleporten.

Korleis blir undersøkinga gjennomført og arbeidd med?

Det er politisk bestemt at i Møre og Romsdal fylkeskommune skal alle elevar i vidaregåande opplæring få høve til å delta i undersøkinga. Det er likevel ikkje obligatorisk for den einskilde elev å delta. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og eleven kan velje å hoppe over spørsmål dersom han opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål eleven ikkje vil svare på. På Volda vidaregåande skule ynskjer vi likevel ein høg deltakarprosent, slik at resultata vert valide og reliable i gruppene.

 

Undersøkinga vert gjennomført elektronisk på elevens eigen PC, og vil ta mellom 20 og 40 min. Kontaktlærar gjennomfører undersøkinga med elevane i klassens time torsdag 14. november. Kvar elev får sitt passord, tilfeldig generert og utdelt.  Når undersøkinga er gjennomført og resultata klare, vil elevane bli presentert for det samla resultatet for si klasse.  Dette vert diskutert, med høve til å kome med framlegg og gjere avtalar som t.d. kan styrke læringsmiljøet i klassa.  Skulens samla resultat er det viktigaste grunnlaget for å kunne utvikle Volda vidaregåande skule vidare i ei positiv retning.

 

Behandlingsansvar og personvern

Den handsamingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir handsama i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande personvernregelverket. Utdanningsdirektoratet er åleine handsamingsansvarleg for opplysningane som blir handsama i Elevundersøkinga. Elevane som svarar, gir ikkje opp namn, men det vil likevel i nokre få tilfelle vere ei teoretisk moglegheit for at den som handsamar grunnlagsdata, kan kjenne att einskildpersonar som har svart (indirekte identifisering). Direktoratet har difor utforma sikringstiltak for å ta vare på personvernet under handsaminga av grunnlagsdata frå Elevundersøkinga. Det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane – det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av personar som har svart. Data frå undersøkinga skal aldri bli publisert offentleg på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara til enkeltelevar. Når ein leverer ut grunnlagsdata til forskingsformål, blir forskarane pålagde å følgje direktoratets reglar for konfidensialitet, og dei må skrive under på ei teieerklæring.

 

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skulen ved Jørund Fet (71 28 23 05 | 412 76 548, jorund.fet@mrfylke.no).

Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.