Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Informasjon om læringsstøttande prøver på Vg1

Informasjon om læringsstøttande prøver på Vg1

Informasjon til elevar og føresette om læringsstøttande prøver på Volda vidaregåande skule hausten 2019

I perioden 26. august – 13. september 2019 gjennomfører Volda vidaregåande skule nasjonale læringsstøttande prøver på første klasse (Vg1) i rekning, lesing og engelsk. Prøvene er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, og det er dei same prøvene som vert nytta over heile landet.  Prøvene vert gjennomført elektronisk, og tidsramma er 60-90 min.  Det er faglærarane i matematikk, norsk og engelsk som gjennomfører prøvene med sine elevar

Grunnleggjande ferdigheiter som del av kompetansen i kvart fag

Læringsstøttande prøver er prøver i grunnleggjande ferdigheiter.

Grunnleggjande ferdigheiter er ein del av kompetansen i alle fag og nødvendige reiskapar for læring og utvikling. Dei er samstundes ein føresetnad for at eleven skal kunne vise kompetansen sin i det einskilde faget. Utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene er viktige gjennom heile opplæringsløpet. Det går for eksempel ei samanhengande linje gjennom alle læreplanane i fag frå den første lese- og skriveopplæringa til det å kunne lese avanserte, faglege tekstar på vidaregåande skule.

Eit verktøy for lærar i undervegsvurderinga

    • Prøvene med tilhøyrande rettleiingsmateriell gir skulen og lærarane informasjon om kva elevane meistrar innanfor grunnleggjande ferdigheiter på tvers av fag, og kva dei må ha hjelp til å arbeide vidare med.
    • Resultata vert brukt til å gi elevane tilbakemeldingar og framovermeldingar undervegs i opplæringa og danne grunnlag for tilpassa opplæring.
    • Dersom elevane gjennomfører fleire av dei tilgjengelege prøvene innan same ferdigheit (rekning/lesing/engelsk), kan prøvene nyttast til å måle progresjon.
    • Resultata blir ikkje rapportert til Utdanningsdirektoratet, men berre brukt internt på skulen.

Korleis vert prøvene laga?

Fagmiljø ved høgskular, universitet og nasjonale senter utviklar prøvene i samarbeid med lærarar og fagpersonar i Utdanningsdirektoratet.
Fagmiljøa utviklar prøvene ut frå eit rammeverk som skildrar innhaldet til prøvene og tekniske krav til utforming.

Det tek fleire år å utvikle ei prøve. Oppgåvene blir prøvd ut fleire gongar slik at vi på førehand veit at oppgåvene fungerer slik dei skal, og at prøva i si heilskap måler det ho skal måle.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for at prøvene er tilstrekkeleg kvalitetssikra.
Det er mogleg å få tilgang til tekniske rapportar frå prøvene ved å sende ein førespurnad til post@udir.no.

Skal alle elevane ta læringsstøttande prøver?

Elevar med rett til spesialundervisning eller til særskilt språkopplæring kan få fritak frå læringsstøttande prøver.

 

Har de spørsmål om læringsstøttande prøver på Volda vgs., så kan de ta kontakt med underteikna.

 

Jørund Fet
Avdelingsleiar
Volda vidaregåande skule
71 28 23 05 | 412 76 548
jorund.fet@mrfylke.no