Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Informasjonsskriv til foreldre og føresette - august 2020

Dokument

Informasjonsskriv til foreldre og føresette - august 2020

Vi har no hatt gode oppstartsveker ved Volda vgs, og vi både trur og håper at elevane er vel mottekne i sine klasser og faggrupper. Det har, som de veit, likevel vore ein spesiell oppstart grunna covid-19, og det er i samband med det vi ønsker å informere dykk som foreldre/føresette om dei ulike tiltaka vi har sett i gang med omsyn til smittevern ved skulen.

Gult nivå

Per dato er status for koronasituasjonen på gult nivå, og det vil seie at undervisinga vil gå som normalt med heil klasse i klasserom, men at elevane skal halde minst 1 meters avstand til kvarandre utanfor klasserommet. Vi følgjer tett opp reglar og retningsliner frå FHI og Kunnskapsdepartement/Udir med omsyn til smittevern, og vi held elevane løpande oppdaterte på ulike forskriftsendringar og eventuelle justeringar i høve regelverk.

Skulen har i samråd med Arbeidsmiljøutvalet (AMU) utarbeidd ein lokal tiltaksplan for korleis handtere skulekvardagen for elevar og tilsette med omsyn til dei ulike trafikklyssignala definert i smittevernrettleiaren frå Udir/regjeringa.  I denne tiltaksplanen skildrar vi kva ulike tiltak som vert iverksett avhengig av situasjonen i ein trafikklysmodell; grønt, gult og rødt nivå. Dei konkrete tiltaka vert såleis tilpassa den til ei kvar tid aktuelle smittesituasjonen i samfunnet. Gjeldande rutiner for det nivået vi no er inne i, gult nivå, finn du i menylinja til høgre (NB! oppdatert 8.09.20). Denne vert oppdatert ved eventuelle endringar i nivå.

 

Ingen som er sjuke skal møte på skulen.

Elevar, føresette og tilsette som har symptom på luftvegssjukdom (tørrhoste, feber, mv) skal halde seg heime, og ikkje kome tilbake på skulen før ein er heilt symptomfri. Ved symptom på luftvegssjukdom skal du oppsøke helsevesen/koronatelefon i din heimkommune for vidare rettleiing og ev. test. 

Mellombels unntak ved fråvær av helsegrunnar

Elevar som har fråvær av helsegrunnar slepp no å gå til fastlegen sin for å få dokumentert fråværet. Elevar under 18 år må likevel legge fram ei stadfesting frå ein forelder/føresett, medan myndige elevar kan legge fram eigenmelding til kontaktlærar.Stadfesting frå foreldre/føresette (for elevar under 18 år) eller eigenmelding (frå elevar over 18 år) skal sendast på e-post til kontaktlærar. Vi oppmodar her føresette/elevar over 18 år til å også informere i denne stadfestinga om ev. dialog med helsevesen, og at de seier i frå om ev. testresultat til skulen.

Fråvær av helsegrunnar omfattar blant anna sjukdom, karantene eller isolasjon, samt milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein forelder eller eigenmelding skal fråvær av slike helsegrunnar ikkje førast som fråvær på fag eller vitnemål.

Kunnskapsdepartementet har vedteke at desse unntaka i første omgang gjeld frå 24. august til 31. oktober 2020. Departementet vil på bakgrunn av smittesituasjon vurdere om det er grunn til å vidareføre unntaka.

Informasjonsmøte for føresette (Vg1 og Vg2).

Vi er i tenkjeboksa for korleis vi best mogleg kan gjennomføre desse møta no i haust, og kjem attende med informasjon om dette så snart vi kan. Informasjon frå skulen vert sendt ut på e-post til føresette som har same folkeregistrert adresse som eleven.

Ta gjerne kontakt med skulen om du lurer på noko. Telefon sentralbord: 71 28 23 00.

Mvh Leiinga ved Volda vgs.