Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Informasjonsskriv til foreldre og føresette – september 2020

Kontaktpersonar

Trond Hjelseth
Rektor
71 28 23 06 / Mob. 907 07 146
Send e-post

Dokument

Informasjonsskriv til foreldre og føresette – september 2020

Vi er no godt i gong, etter nokre hektiske veker der elevar har bytta mellom skular,  utdanningsprogram og klasser.  Litt hektisk og kaotisk  - men «rett elev på rett plass» er det overordna målet.

Det har, som de veit, vore ein spesiell oppstart grunna covid-19, og vi har difor som tidlegare varsla gjennomført eit sett med tiltak i tråd med «gult nivå», ref førre melding i august.  Skulen valde å halde kantina stengd dei to første vekene, for å minske sjansane for nærkontakt den første og mest usikre tida med omsyn til omfanget av smitte i regionen vår.  Med mange som kom direkte frå ferieturar, så meinte vi dette var eit godt tiltak. 

Som alltid er det ein del elevar som er/vert sjuke, og mange av desse har blitt testa etter råd frå kommunehelsetenesta.  Det er godt å melde at alle testane har vore negative, og vi har no (som andre skuler i fylkeskommunen) opna kantina – men med ekstra smitteverntiltak (sperreband for kø og spritstasjon). 

Det har i dag kome nokre oppdateringar frå UDIR med omsyn til korleis vi skal handtere og handle i høve smittevern - så vi har oppdatert tiltaksplanen på desse områda (per. 8.9.2020).  Sjå utdrag av skulen sin beredskapsplan/tiltaksplan som ligg publisert til høgre på denne sida.  Vi ber om at føresette er med å øve påtrykk i høve elevane og deira eigeninnsats i form av handvask, å halde avstand og sprite seg før kantinebesøk mv.! 

Mellombels unntak ved fråvær av helsegrunnar
Minner elles om ordninga innført for fråvære fram til utgangen av oktober.  Fyldig informasjon låg i førre nyhendebrev til føresette lenger nede på denne sida.

 

Informasjonsmøte for føresette (Vg1 og Vg2).
Vi har bestemt at årets informasjonsmøte vert gjennomført digitalt.

Til nærare angitt dato i slutten av september (før haustferien), vil vi publisere eit sett med videoar og presentasjonar til bruk for føresette.  Vi vil i dagane etterpå samle opp spørsmål frå føresette, og svare ut desse i dei tilfella dei har interesse for fleire.  Ved behov kan vi også gjennomføre fysisk møte for ei mindre gruppe føresette, etter nærare avtale.

Vi vil også gjennomføre trekking av føresetterepresentant til Skuleutvalet (gjeld 1 repr. frå føresette til eleva på vg1), sidan vi vanskeleg kan sjå at ordinært val kan gjennomførast.  Om nokon har innvendingar mot ein slik framgangsmåte, så ta kontakt med rektor.

Ta gjerne kontakt med skulen om du lurer på noko. Telefon sentralbord: 71 28 23 00.  Telefon rektor (Trond Hjelseth): 90 70 71 46

Mvh Leiinga ved Volda vgs