Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Karantene for elevar oppheva

Karantene for elevar oppheva

I ulike lokale/regionale medieoppslag tidleg denne veka kom det fram at ei skuleklasse ved Volda vgs vart sett i karantene, i samband med at det var avlagt positiv korona-prøve for kormedlem i bygda. 

Dette vart gjennomført som eit "føre-var" - tiltak frå smittevernlegen i kommunen, då koret øver i klasserommet til desse elevane. 

Skulen fekk kort tid etterpå beskjed om at karantenen var oppheva. Kommunelækjaren hadde då i samråd med Folkehelseinstituttet, avgjort at det ikkje var grunnlag for vidare karantene.

Elevane er no tilbake på skulen.