Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Kjærleiken er for alle

Kjærleiken er for alle

Kunnskapsbygging for likeverd

-Eit samfunn som vil bygge likeverd, treng menneskemøtarar som tek kompleksiteten og skilnader mellom menneske på alvor, understrekar Hilde Enger Arntsen frå FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetmangfold.

Måndag ettermiddag var ho hovudføredragshaldar under det opne seminaret Kjærleiken er for alle arrangert i Fadderveka av Høgskulen i Volda i samarbeid med Studentsamskipnaden i Volda. Eit fullsett vesle auditorium i Berte Kanutte-huset fekk informasjon og erfaringsdelingar om det å leve som lesbisk, homofil, bifil og transperson i samfunnet generelt, og i små lokalsamfunn som studiebygda Volda spesielt.

Kjærleik for alle 1

Føredragshaldarar under det opne seminaret Kjærleiken er for alle som mellom anna handla om å leve som lesbisk, homofil, bifil og transperson på bygda. Lisbeth Hoggen Totland (f.v.), helsesøster i Volda kommune, Hilde Enger Arntsen, FRI Rosa kompetanse skule og Eli Anne Løksa, studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda.

Skeiv på bygda

Enger Arntsen understrekar at det å vere skeiv på bygda ikkje treng å vere vanskelegare enn å vere det i ein by. – Forsking viser at det aller viktigaste for å ha det bra som skeiv på bygda ikkje handlar om sjølve staden ein er på, men om kven ein har rundt seg. Har ein støtte og tryggleik i sin nære krets, i familien, på skulen og i møte med offentlege tenester, er det ikkje vanskelegare å vere homofil, transperson eller bifil enn det er i ein by. Forskingsrapporten «Skeiv på bygda», utarbeida av KUN i 2015, kan du lese her. Enger Arntsen er utdanna lærar, og arbeider til dagleg med Rosa kompetanse i eit fagmiljø som tilbyr fagleg støtte og undervisning om kjønns- og seksualitetsmangfald til helsevesenet, barnevernet, barnehage- og skulesektoren, politi- og påtalemakt og ulike bedrifter. Ho har vidare inntrykk av at Høgskulen i Volda arbeider godt med temaet i møte med sine profesjonsutdanningar. Mellom anna har lærarutdanningane fagdagar om temaet i samarbeid med FRIRosa kompetanse. - Høgskulen i Volda verkar å vere mellom dei beste i landet i høve til å synleggjere mangfald, og til å legge til rette for kunnskapsutvikling og erfaringsdelingar i profesjonsutdanningar og studentmiljø, seier Enger Arntsen.

Kjærleik for alle 2

Hilde Enger Arntsen frå foreningen FRI snakka til eit fullsett vesle auditorium i Berte Kanutte-huset. Ho erfarer at Høgskulen i Volda og lærarutdanningane har eit godt fokus på undervisning i seksuell orientering,  kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Skulen skjerpa ansvar

Ho viser til at skulen no har fått eit skjerpa ansvar overfor elevar med ei særskild sårbarheit. Konkret kan slik sårbarheit til dømes vere knytt til elevens religion, seksuelle orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller forhold ved elevens familie- og heimesituasjon. – Då er det viktig at profesjonsutøvarar som lærarar og helsearbeidarar veit korleis ein kan møte barn- og unge i ulike situasjonar. Vi jobbar for at menneske som jobbar med menneske skal kunne snakke trygt om desse tema, understrekar Enger Arntsen. Ei undersøking frå Skeiv Ungdom syner at undervisning om kjønnsmangfald, seksuell orientering og kjønnsidentitet i skulen er erfart som mangelfull, ekskluderande og fagleg dårleg. – Vi kan alle vere med på å gjere ein viktig forskjell for medmenneske. Å leve i tråd med den ein kjenner seg som er forbunde med god helse. Det er til dømes viktig for oss å ha vår eiga oppleving av kjønn, utan å bli putta i boks, seier ho.

Helsetenester

Lisbeth Hoggen Totland er helsesøster i Volda kommune, og ho har til dagleg ansvar for skulehelsetenesta ved Volda vidaregåande skule. Saman med Eli Anne Løksa, studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda, fekk seminardeltakarane informasjon og erfaringsdelingar om tenestetilbodet for ungdom og studentar i Volda. Helsestasjonen for ungdom i Volda og for studentar ved høgskulen skal no slåast saman.

Hoggen Totland vektlegg respekt og tryggleik i kommunikasjonen med ungdommane ho møter, og erfarer det som viktig å vere synleg i skule- og lokalsamfunnet. – Eg får mykje spørsmål om kropp og seksualitet, og erfarer at her er ein god del manglande kunnskap om temaet. I mitt arbeid er det viktig å normalisere i møte med ungdom som kjenner seg annleis, seier ho. Hoggen Totland har vore helsesøster sidan 2004, og erfarer at ungdommane er meir opne i dag enn før. – Eg tenkjer vi er på rett veg, og opplever ungdommar som tolerante og anerkjennande i møte med kvarandre. Samstundes er det klart at ungdom som kjenner seg usikre og annleis gjerne treng støtte og tid. Eit hovudspørsmål for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar kan vere usikkerheit på korleis ein vert møtt. Og då er det viktig at vi kan vere trygge og kloke vaksne, seier Hoggen Totland, som erfarer arbeidet som svært gjevande.

Studentrådgjevar Løksa syner til studentars helse og trivselsundersøking (SHOT-undersøkinga) og at ein av fem studentar på landsplan rapporterer om alvorlege psykiske symtomplagar. Oftast er det også dette ho vert kontakta for. – Eg ønskjer å vere ein trygg vaksenperson i møte med studentane, og det skal vere låg terskel for å ta kontakt. Kjærleik, relasjonar og einsemd er ofte tema i samtalane, seier ho. Løksa informerte også om at Studentsamskipnaden kan gje støtte til arrangement og etablering av lag- og foreningar i studiemiljøet.

Kjærleik for alle 3

 I samband med seminaret Kjærleiken er for alle i Fadderveka har biblioteket ved Høgskulen i Volda laga ei utstilling knytt til temaet.