Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > MK-OSKAR 2016

MK-OSKAR 2016

Onsdag 18. mai arrangerte medielinja ved Volda vidaregåande skule sin sjette MK-OSKAR. Dette er medielinja sin eigen variant av The Academy Awards, populært kalla The Oscars. Med unntak av skrivemåten har dei mykje til felles med storebroren i Amerika: stivpynta deltakarar, stettglas med boblevatn, og sjølvsagt - raud løpar og «fotoshoot».

Blant 111 nominerte produkt kjempa 44 finalistar om åtte OSKAR-statuettar. Årets jury, beståande av Dave King, Pål Aam og Simon Dagfinrud, plukka ut beste produkt innanfor kategoriane animasjon, design, film, foto, lyd- og fotoreportasje, lydproduksjon og tekstproduksjon.

Malin Nordby Kvamme og Marie Haugen i klasse 2MK1 gjorde storeslem og fekk tre statuettar kvar. Juryen uttalte at dei var imponert over kvaliteten på alle finalistane, og gav også heiderleg omtale til Erik Breiteig. Han hadde laga ein lokal versjon av det kjende spelet Mario Kart, med den treffande tittelen Media Kart, der ein kan køyre rundt på skuleområdet til Volda vgs. I tillegg til den ordinære tevlinga vart det delt ut ein publikumspris, framstemt av elevane sjølve. Denne gjekk til Ørjan Aaland, Erik Breiteig og Sivert Helland for kortfilmen «The Dragonslayer».

Medielærarane hadde laga ein kort musikkvideo med sjølvkomponert tekst, som sjølvsagt hadde mediefagleg innhald. Det var likevel elevane i 2MK1 som hadde det mest underhaldande programinnslaget: Ein kortfilm om «Livet på MK» der dei parodierte lærarane.

MK-OSKAR har normalt vore eit lukka arrangement for noverande elevar og lærarar på medielinja, men i år inviterte vi også tidlegare medieelevar spesielt, i tillegg til andre elevar og lærarar på Volda vgs. Det gav meirsmak å få vist seg fram for eit litt større publikum, så neste år vil det bli vurdert å gjere arrangementet offentleg for alle interesserte. 

Du kan sjå alle vinnarane, finalistane og nominerte produkt på oskar.mk-volda.com.

Årets jury bestod av (frå venstre) tidlegare MK-elev Simon Dagfinrud, animasjonsguru Dave King og høgskuledekan Pål Aam

Foto: Åge André Breivik.

Programleiarane Marie Haugen og Jonas Otneim Myklebust losa publikum gjennom kvelden, i ein festsal som var smykka ut i gull og glamour.

Foto: Åge André Breivik.