Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > MK-elevar vann gjeve prisar på filmfestival

MK-elevar vann gjeve prisar på filmfestival

Lisa Bendal, Thea Berge Baastad og Silje Birkhol i 2MK1 laga dokumentarfilmen "Hjartebarn" i haust. Blant over 40 innsendte bidrag til Sogndal filmfestival vann dei prisen for både beste
dokumentar og beste film. Festivalen hadde gallakveld i går og er omtala på NRK Sogn og fjordane sine nettsider: https://www.nrk.no/sognogfjordane/desse-vann-prisar-pa-sogndal-filmfestival-1.13441968.

«Hjartebarn» fortel den sterke historia til Silje Hoff Aksnes og familien hennar, som fekk eit barn med hjartefeil.
Filmen er også sendt inn som bidrag til KortSagt, ein kortfilmkonkurranse på Den norske dokumentarfilmfestivalen, saman med andre bidrag frå 2MK1. 

Me gratulerer dei flinke elevane!

Filmen kan du sjå her: https://vimeo.com/209877164

 På bilete frå venstre: Lisa Bendal, Thea Berge Baastad og Silje Birkhol. Foto: Ståle Hansen