Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Malin vann Doktalent

Malin vann Doktalent

MalinKvamme

Malin Nordby Kvamme vann konkurransen DokTalent på Dokfilm 2017

Filmen "Bondeliv i havgapet" vann konkurransen Doktalent onsdag. Dermed vart det heimesiger for Volda-elev Malin Nordby Kvamme.

- Det er ingen tvil om at alle filmskaparane ser tv, og er inspirert av tv. Men film er ikkje det same som i fjernsynets verd. Det ser me også på klippinga av vinnarfilmen, sa juryen i si grunngjeving.

Åtte filmar var plukka ut i konkurransen, mellom dei fire Volda-produksjonar. Filmen "Hjartebarn", som tidlegare i vinter vart heidra under Sogndal filmfestival fekk no heiderleg omtale.

- Årets tema er psykisk helse. Og er det ei som har helsa i balanse er det Britt, sa juryen om "Bondeliv i havgapet". 

Filmen handlar om Britt Harøy og Gudmund Stavik som driv gard på øya Voksa i Sande. Filmen er laga i fordjupingsfaget for VG3-elevar på Volda vidaregåande.

 

Juryen skryt av både biletbruk og redigering av filmen, og meiner filmen gir rom for ettertanke om det kvardagslivet dei fører.

 

Jury_dokfilm2017

Malin Nordby Kvamme vart gratulert av ein fornøgd jury etter konkurransen var avslutta

- Filmen er ein hyllest til naturen og dyra, fortalt på ein slik måte at sjølv hestane sin tyggelyd kjem fram. Det er ganske enkel som å vere der. Og det er ein prestasjon i dokumentarfilm, sa juryen etter filmane vart viste på onsdag.

Volda vidaregåande gratulerer Malin Nordby Kvamme med godt gjennomført arbeid, og velfortent fyrsteplass.

(Alle foto: Åge Andrè Breivik, Volda vgs.)