Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Mellombels lemping av dokumentasjonskravet

Mellombels lemping av dokumentasjonskravet

På grunn av koronaviruset har myndigheitene gått ut med unntak frå dokumentasjonskravet om erklæring frå lege/helsepersonell i høve 10%-regelen. Unntaket gjeld ut skuleåret.

I denne perioda er det ved fråvær av helsemessige grunnar tilstrekkeleg med eigenerklæring frå eleven (dersom over 18 år, frå føresette dersom eleven er under 18 år), for at fråværet kan unntakast 10%-regelen.

Her finn du ei lenkje frå Udir med meir informasjon om unntaket.