Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Ny skuleavis og skuleradio m.m.

Ny skuleavis og skuleradio m.m.

Vegen blir til medan vi går.
Prosjekt til fordjuping: samarbeid mellom Vg1 MK og VKI MK om foto, animasjon, multimedia, vev-design, radio, lydstudio og avis.

Elevane ved medielinja på Volda vidaregåande skule organiserer i år fredagane på ein ny måte. VG1 og VKI bruker eit fag som heiter prosjektfag til å fordjupe seg i ein av mediekanalane og arbeide med praktiske oppgåver der dei etterkvart skal lage eitt eller fleire produkt. Meininga med dette er at elevane skal ha eit fag der dei slepp å tenkje på rapportar og prøver, men få meir tid til berre å arbeide praktisk og fokusere meir på produktet. Dei skal rett og slett få meir praktisk medietrening.

Dei mest synlege (og høyrbare) produkta for omverda, er radio og avis. Radiosendinga heiter Radiohaud, og går på lufta kvar fredag kl. 19:00 på Bygderadio Vest sin frekvens (105,5/103,7/104,9).

Avisa heiter "Svampen" og kjem ut på skulen i papirversjon, i tillegg til at den frå og med no vert lagt ut på heimesida.

Redaksjon Svampen

Dette er avisredaksjonen som har ansvaret for å gje deg siste nytt frå Volda vidaregåande skule: Framme frå venstre: Ingeborg Leira, Ida-Mari Mork (elevredaktør), Tone Rekkedal, Mai-Elin Tran. Bak frå venstre: Synnøve Moltudal (ansvarleg redaktør), Ingrid Brautaset, Henrik Faustino Vatnebakk, Pia Roald og Mariann Aurstad. Kontakt oss gjerne på e-post: svampen@volda.vgs.no

Under finn du peikar til nr. 1 og 2 av "Svampen":