Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Orienteringsmøte for føresette Vg1

Dokument

Orienteringsmøte vg1 030914
PDF-dokument - 2,12 MB

Orienteringsmøte for føresette Vg1

Vi kallar med dette inn til orienteringsmøte for foreldre/føresette til vg1-elevar

onsdag 3. september 2014 kl. 19.00 (til ca. 20.30)

i festsalen, øvre bygget

møte1

 

 

 

 

 

 

Program:

  • Orientering om skulen og organisering av skulekvardagen
  • Kontaktpunkt heim – skule. Foreldremedverknad.  Informasjonskanalar.
  • Fråværsreglar og oppfølging av fråvær
  • Orientering om skulens arbeid med utfordringar knytt til rus og psykisk helse mm.
  • Vurdering.  Presisering i forskrift til opplæringslova pr 1.8.11
  • Kartleggingsprøver hausten 2013
  • Berbare PC’ar/stipendordninga
  • SkoleArena, foreldrepålogging
  • Saker eller spørsmål til skulen
  • Val av foreldre-/føresetterepresentant til skuleutvalet
  • SA og MK går til eigne orienteringar
  • Val av matematikk og framandspråk på ST og Musikk
  • Musikk og ST går til eiga orientering
    -Val av programfag ST
    -Spesiell studiekompetanse

Skuleutvalet skal m.a. ha ein foreldre/føresetterepresentant m/vara som blir valt kvart år. Av praktiske grunnar må valet skje på dette informasjonsmøtet, og vi inviterer til at villige personar melder seg til skulen, gjerne på førehand.  Dersom vi får fleire kandidatar, vert det gjennomført skriftleg val.  Valresultatet vert presentert på skulen si heimeside (www.volda.vgs.no), når oppteljing er gjennomført.  Skuleutvalet vil ha om lag 3 møte i året, på dagtid (ca 12-15).  Honorar for foreldrerepresentant er p.t kr. 1400.- pr møte.  Om du kan tenkje deg å stille til val, så meld deg via epost til rektor, på følgjande epostadresse: trond.hjelseth@mrfylke.no