Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Ringaren

Ringaren

"Ringaren" vart ein enorm suksess, med utruleg høg kvalitet, både i samspel og enkeltprestasjonar.
Under hovudteksten har vi lagt ut nokre bilete frå premieren.

Tradisjonen vert halden ved like! Musikklinja ved Volda vidaregåande skule har hatt stor suksess med musikalane som dei har sett opp kvart år. Dette er ellevte gongen dei gjennomfører ei slik storsatsing. Handlinga i år er bygd på det spanande, romantiske og lidenskapelege stykket Ringaren i Notre Dame. Denne historia var opphavleg skriven av Victor Hugo i 1831.

Intrigar, romantikk og mystikk
Historia utspelar seg i 1482, i katedralen Notre Dame i Paris. Quasimodo er ein ung mann som har vorte oppdregen av ein prest, og vert ringar i kyrkja Notre Dame. Han vert halden skjult for omverda på grunn av sitt skremande ytre. Presten i kyrkja kallar han for eit monster, og behandlar han deretter. Sigøynarjenta Esmeralda har ei fantastisk utstråling og sjarmerer mange menn. Ein av desse er ringaren Quasimodo. Det er ikkje berre han som vert trollbunden av denne vakre kvinna. Presten, ein kaptein og ein eldre sigøynar er også hugtekne. Det vert valdsame intriger mellom mennene, for alle vil vinne Esmeralda sitt hjarte.

Fulle salar igjen!
Musikalen som i år vart framført på Ørsta kulturhus, hadde til saman fem framsyningar. To på dagtid og tre på kveldstid. Premieren gjekk av stabelen onsdag 14. februar. Dei to framsyningane på dagtid var reserverte for elevar frå ungdomsskulane og nokre av skulen sine eigne elevar. Kveldsframsyningane elles var torsdag 15. februar og fredag 16. februar.

Det var om lag 60 elevar og 10 lærarar som var direkte engasjert i musikalen. Hovudansvarleg for prosjektet var Kjetil Eiksund og regien var ved Bente Elin Johnsen, med god hjelp av Jan Terje Eidset. Dei har brei erfaring med å setje opp skulemusikalar. Elevane Eline Kvamme Hagen og Silje Krumsvik hadde hovudansvaret for koreografien.

Elevar frå 1MK (1. klasse på medielinja) produserer både film av framsyningane, dokumentarfilm, fotodokumentar, lydreportasjar og vevsider (sjå peikar lenger opp på sida). I tillegg stod elevar i 1SA (1. klasse service og samferdsel) for sal av mat og drikke i kafeen på kulturhuset, og nokre elevar frå studieretning for allmenne fag var med i musikalkoret. Musikalen er med andre ord eit prosjekt for heile skulen, og vi er sjølvsagt svært stolte over å vere med i eit fellesskap som kan lage ei så fantastisk framsyning. Dette er ungdommar som slår ut i full blomst for første gong, og den magien som då vert skapt, kan ingen profesjonelle artistar konkurrere med.

Under har vi sett inn nokre bilete frå premieren onsdag 14. februar. Fotograf: Geir Høydalsvik

Ringaren3

Kim Helge Strømmen gjorde ein fantastisk prestasjon i hovudrolla som ringaren Quasimodo.

Ringaren1

Marita Wiik som Esmeralda og Runar Nybø som kaptein Phoebus.

Ringaren8

Quasimodo græt over den døde Esmeralda (Elise Flak Nordang).

Klikk på peikaren under for fleire bilete frå premieren, tekne av Geir Høydalsvik.

Her finn du mange bilete frå premieren. Fotograf: Geir Høydalsvik.

Meir omtale av musikalen i skuleavisa "Svampen".