Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Skriftleg eksamen avlyst våren 2020

Skriftleg eksamen avlyst våren 2020

Alle skriftlege eksamenar i vidaregående er avlyst for elevar. Elevane får fullverdig vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvensar for inntak til høgare utdanning. Elevane må bestå alle faga for å få vitnemål.

Vidare står det frå Utdanningsdirektoratet:

Regjeringen vurderer om det vil være mulig å gjennomføre muntlig, muntlig-praktisk og praktisk eksamen. 
Lærerne må prioritere å sikre vurderingsgrunnlaget frem til sommeren, slik at alle elever får standpunktkarakterer. For at lærerne skal få et godt nok grunnlag for å sette karakter, er både elevenes deltakelse og innlevering av oppgaver viktig.

Når det gjeld privatisteksamen er signala, så langt, at ein vil forsøke å få gjennomført desse. Vi oppdaterer så snart vi har meir informasjon om dette.