Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Skuleskyss

Skuleskyss

Alle elevar kan no sjølve undersøkje om dei har krav på skuleskyss.

Møre og Romsdal fylke har utvikla ei teneste på Internett for skuleskyssberekning. Tenesta er meint som eit hjelpemiddel for utrekning av avstanden mellom bustad og skule, og nærare detaljar finn du her.

Som hovudregel har elevar i vidaregåande skule rett på gratis skuleskyss dersom dei har meir enn 6 kilometer skuleveg. Sjølve skyssreglementet ligg på heimesidene til fylket her.