Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Suksesjon på timeplanen

Kontaktpersonar

Randi Holsvik
Lærer
71 28 22 81 / Mob. 977 48 442
Send e-post

Suksesjon på timeplanen

I nydeleg haustvêr gikk klasse 1ST4 på tur for å undersøke ulike fasar av suksesjon på Lothe-marka, på Håmyra og på den gamle slalombakken nedanfor Grindaløda  i Volda.

Suksesjon betyr at eit økosystem endrar seg gradvis over tid. Når ei dyrka mark ikkje blir slått lenger, vil den gradvis gro igjen. Dette kallar vi sekundærsuksesjon. Geitrams, bringebær og brennesle er typiske pionerplantar som slår seg ned først. Etterkvart begynner  det å vekse  ulike lauvtre i området, som bjørk, rogn, lønn og selje, før små grantre etablerer seg. På sikt vil grantrea vinne konkurransen med lauvtrea sidan grantrea klarer seg med mindre lys. Den siste fasen i suksesjonsprosessen kallar vi klimaksfasen.

20160916_093007

Foto: Randi Holsvik