Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Til minne om Abraham Mahler

Dokument

Om Abraham Bernhard Mahler
PDF-dokument - 183,79 kB

Til minne om Abraham Mahler

AdamMahler4

Torsdag 7. juni kl. 12 var Volda vidaregåande skule med på å markere nedsetjinga av snublesteinen for Abraham Mahler.  Steinen vart sett ned på tomta for den gamle handelsskulen i Volda, der Abraham Mahler var elev hausten 1942.

Handelsskulen vart i 1994 slått i hop med Volda vidaregåande skule. Vi sette difor stor pris på at Det jødiske muséet i Trondheim, som var ansvarleg for arrangementet, inviterte elevar og lærarar ved skulen til å delta på markeringa. 
Om lag 80 elevar og lærarar fekk høyre den dramatiske historia til Abraham Mahler og familien hans, direkte frå etterkomarane av bror og syster hans, som greidde å kome seg unna jødeforfølgingane i Noreg den hausten.  Det gjorde inntrykk.

Vi minner óg vår tidlegare elev ved å henge opp eit bilete av han og ein tekst her på skulen. Teksten kan du lese ved å laste ned dokumentet oppe til høgre.

AdamMahler2
AdamMahler3