Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > To Volda-elevar i semifinalar i Norske Talenter

To Volda-elevar i semifinalar i Norske Talenter

- Det er spennande å sjå korleis ein så stor produksjon fungerer, seier Bendik Hustadnes. Han er ein av våre to musikkelevar som står på scena i semifinalane i «Norske Talenter» på TV2.

Bendik Hustadnes (t.v.) og Louise Engeseth er to av semifinalistane i Norske Talenter. (Foto: Silje Birkhol)

Av dei 54 som står att i årets «Norske Talenter» er altså to elevar ved Volda vidaregåande. Fredag 31. mars sparkar TV2 i gong semifinalesendingane, der våre elevar kjempar om å gå vidare til finalen. 

- Volda vidaregåande skule ser med glede at elevar frå skulen si musikkline nok ein gong når høgt opp i dei nasjonale talentkonkurransene, seier rektor Trond Hjelseth.

Bendik Hustadnes går siste året på musikklina, og har imponert både publikum og dommarpanel  med sine perkusjonsdugleikar. Fyrsteklassing Louise Engeseth deltek i klassen for solistar og har imponert med sin operasong.

- Grunnen til at eg meldte meg på var fordi eg hadde lyst til å vise folk at eg likar å spele trommer og at det er det eg har lyst til å jobbe med, så derfor så såg eg ingenting negativt med å melde meg på og kanskje få litt PR, seier Bendik.

Bendik Hustadnes - Foto Silje Birkhol

I februar var han ein av dei to som spelte trommer i musikalorkesteret i «The Cream of Soul». 

Bendik sin audition på Norske Talenter kan du sjå her: http://www.tv2.no/v/1143847/  

Louise var med i sin fyrste musikal dette året. Der stod ho i musikalkoret, og var også med som dansar. Ho har to år att med Volda-musikal.

Louise sin audition ser du her: http://www.tv2.no/v/1149470/

- Bendik, Louise og tidlegare deltakarar er resultat  av det gode og profesjonelle miljøet i kulturskulane i regionen, kombinert med opplæringa ved Volda Vgs - i  tillegg til talent og øving i store mengder, meiner rektor Hjelseth.

Bendik meiner at skulen er viktig for musikkinteressa, både for å lære seg å opptre på ei scene, men også det teoretiske som han har lært.

Louise Engeseth - Foto Silje Birkhol

- Lærarane på linja har også vore veldig viktige, med tanke på at dei er så dyktige som dei er, og dei er flinke til å bli kjende med elevane sine og hjelpe kvar enkelt med det ein skulle trenge hjelp til, noko som har gitt meg motivasjon til å jobbe hardt, fortel han.

No ventar han på å få kome på scena i semifinalen som går fredag 5. mai.

- Vi er imponert over elevar som legg ned så mykje hardt arbeid at dei oppnår slike prestasjonar, seier rektor Trond Hjelseth.  

Vi er svært stolte over at to av våre eigne elevar har kvalifisert seg til semifinalen i Norske Talenter, og dette feirer vi difor med «ope hus» og direktesending i Festsalen vår, fredag 5. mai kl. 19:00. Inngang frå hovudinngangen mot skuleplassen.

Så ta med ein ven eller to til den spennande semifinalen, og ver med på å stemme Bendik og Louise vidare i Norske Talenter. Det vert enkel servering i pausen (brus, snacks..)

 

Alle er velkomne! (Men obs! Avgrensa tal sitjeplassar i Festsalen (200), så førstemann til «mølla»)

Volda Vgs  ønsker dei begge lukke til med semifinalene – og oppfordrar alle til å stemme dei fram!

The Cream of Soul - Foto Åge André Breivik