Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Undervisningsevaluering 2017/2018 – Informasjon til elevar og føresette

Kontaktpersonar

Trond Hjelseth
Rektor
71 28 23 06 / Mob. 907 07 146
Send e-post

Undervisningsevaluering 2017/2018 – Informasjon til elevar og føresette

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering i skuleåret 2017/2018. Slike evalueringar av undervisninga har også blitt gjennomført tidlegare, seinast i 2015/2016. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og elevgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa vert gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane svarar på i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar om å delta. Svara vert behandla konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisingsgrupper som blir valde ut til å bli evaluerte. Det er også mogleg at einskilde elevar ikkje vert spurde om å evaluere i dei faga/gruppene eleven har, då vedkomande lærarar er knytt til andre evalueringsgrupper.

Det er koordinatorar på kvar skule som har bestemt kva fag/grupper/lærarar som skal evaluerast. Spørsmåla er like for alle gruppene. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på seks tema: Målorientert undervisning og vurdering, Elevmedverknad, Klasseleiing, Tilpassa opplæring, Eigenvurdering og Didaktikk. 

Perioden for gjennomføring på Volda vgs. er 29. januar – 8. februar.

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevar Harald Johnny Tomren (harald.johnny.tomren@mrfylke.no) eller Anne Midtsæter (anne.midtseter@mrfylke.no), eller seksjonsleiar Helene Loe Arntsen (helene.loe.arntsen@mrfylke.no).

 

Med vennleg helsing

Trond Hjelseth
Rektor,
Volda vidaregåande skule