Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Undervisningsevalueringa 2018-19

Undervisningsevalueringa 2018-19

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa vert gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal svare på i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar om å delta. Svara vert handsama konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere einskildsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut for evaluering. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper, fag og lærarar som vert evaluert.

Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema; eleven si meistring og motivasjon, vurderingspraksis, støtte frå lærar, læringsmiljøet i gruppa og faglege utfordringar og forventningar.

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevarar Harald Johnny Tomren (harald.johnny.tomren@mrfylke.no) eller Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller seksjonsleiar Helene Loe Arntsen (helene.loe.arntsen@mrfylke.no).

 

Med venleg helsing

Trond Hjelset

Rektor, Volda vidaregåande skule