Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Ungdata-undersøkinga 2017

Kontaktpersonar

Jørund Fet
Avdelingsleiar ST
71 28 23 05 / Mob. 412 76 428
Send e-post

Ungdata-undersøkinga 2017

På oppdrag frå Volda kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region midt-Norge (KoRus Midt-Norge) ei spørjeundersøking blant ungdomane i kommunen. Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Volda kommune. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 14, 3.-7. april. Det tek ca. éin skuletime å fylle ut spørjeskjemaet. Det inneheld spørsmål om korleis ungdom bruker fritida si, om trivsel, kor mykje religion betyr i kvardagen, og kva slags tilhøve dei har til skule, venner og vaksne i nærmiljøet. Det vil også verte stilt spørsmål om tema som seksualitet, mobbing, psykisk helse, vald og rusmiddel. I tillegg kjem spørsmål om foreldras utdanningsnivå, økonomiske situasjon, landbakgrunn og butilhøve. Meir utfyllande informasjon finn du på www.ungdata.no. Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Midt-Norge.

 

Alle som er elevar ved Volda vidaregåande skule kan svare på undersøkinga, uansett kva heimekommune dei har.

 

Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn på www.svar-ungdata.com med eit tilfeldig tildelt brukar­namn. Elevane vert informerte om at deltaking er frivillig, og at dei kan hoppe over enkeltspørsmål.

Alle ungdommar som deltek er sikra full fortrulegskap/diskresjon. Det vil seie at berre forskarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara vil få tilgang til desse. Det er frivillig å delta, og elevene kan trekke seg når som helst frå undersøkinga utan å gje ein grunn. Det vil på ingen måte få negative konsekvensar for eleven. Når spørjeskjemaet blir delt ut, vil elevene bli minna om dette og om at undersøkinga er konfidensiell.

 

Prosjektet blir avslutta innan utgongen av 2021, og datamaterialet frå undersøkinga vil da bli anonymisert. Føresette kan reservere seg mot at deira barn skal delta, ved å gje beskjed til kontaktlæraren. For at undersøkinga skal ha nokon verdi, er det viktig at så mange som mogleg deltek.

 

Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med tilsvarande ungdoms­undersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar.

 

Studien er meldt til Personvernombodet for forsking, Norsk senter for forskningsdata.

Ved ytterlegare spørsmål knytt til undersøkinga, ta kontakt med rådgiver Kolbjørn Gjære ved KoRus Midt-Norge (950 34 148/kolbjorn.gjere@stolav.no) eller kontaktperson for undersøkinga i Volda kommune, Lene Nupen (91 51 69 08/ lene.nupen@volda.kommune.no).

 

                                                            Med vennleg helsing

 

           

Kolbjørn Gjære Hanne C. Hougen         Rune Sjurgard
Rådgiver Sekretariatsleiar Ungdata Rådmann
KoRus Midt-Norge NOVA Volda kommune