Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Ungdataundersøkinga

Kontaktpersonar

Jørund Fet
Avdelingsleiar ST
71 28 23 05 / Mob. 412 76 548
Send e-post

Ungdataundersøkinga

I veke 10 svarar elevane  ved Volda vgs. på årets Ungdataundersøking.  Dette vert tredje gongen vi  deltek i denne undersøkinga, vi har tidlegare vore med i 2013 og 2017.

Undersøkinga vert gjort samstundes både på ungdomsskular og vidaregåande skular, og med eitt unntak er alle kommunane på Søre Sunnmøre med samstundes.

Dette er ei undersøking som vert brukt i heile landet, utarbeidd av forskingsinstituttet NOVA ved Oslo Met og KoRus Midt.  Desse er óg ansvarlege for gjennomføring og utarbeiding av rapportar i etterkant.

Det er friviljug å delta, og føresette/foreldre til elevar under 18 år kan melde frå til skulen om at dei ikkje ynskjer at borna deira deltek i undersøkinga.

Deltakarane sine svar vert handsama konfidensielt og anonymisert og vil vere umogeleg å spore til person.

Føremålet med undersøkinga:

  • Gje ungdommar som går på vidaregåande skule i Volda ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i lokalmiljøet.
  • Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
  • Gjere det mogleg å samanlikne kommunen med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

Tema for spørsmål:

  • Forhold til skulen, vennar og foreldre
  • Fritid og fritidsaktivitetar
  • Helse, trivsel og livskvalitet
  • Mobbing
  • Seksualitet
  • Regelbrot, vald, rusmiddelbruk
  • Utdanningsnivået, den økonomiske situasjonen, landbakgrunnen og busituasjonen til foreldra

Kontaktinformasjon

Ulrik Vik Nakken, Folkehelsekoordinator i Volda kommune, tlf 917 29 469, e-post: ulrik.vik.nakken@volda.kommune.no (om undersøkinga)

Jørund Fet, avdelingsleiar Volda vgs., tlf 412 76 548, e-post:jorund.fet@mrfylke.no (om gjennomføringa på skulen)