Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Vardefesten 2006

Vardefesten 2006

Vardefesten 2006 gjekk av stabelen tysdag 19. desember. Fjorårsfesten var dessverre ikkje slik vi helst vil ha den, og difor var det i år lagt ned mykje haldningsskapande arbeid på førehand, frå både leiinga og elevrådet. I tillegg var det lagt klare rammer for festen, med absolutt alkoholforbod, strenge sanksjonar og godt vakthald. Det var godt frammøte frå både elevar og lærarar, og resultatet var over all forventning, med godt program og svært god framferd. Vi må seie oss svært godt nøgde med denne festen, og satsar på at dette vil legge malen for trivelege Vardefestar i framtida.

Trykk på peikaren under for å få fram bilete frå festen. Fotograf er Marius Beck Dahle.