Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Nyheiter > Volda vgs vidarefører fjernundervising etter påske

Volda vgs vidarefører fjernundervising etter påske

Det vart i går bestemt at ordninga med fjernundervising skal halde fram inntil vidare for dei vidaregåande skulane. For Volda vgs. som berre har studieførebuande utdanningsprogram, så er det førebels ingen klåre signal om når vi kan ta i bruk skulen på nytt. Vi lyt difor berre avvente styresmaktene sine vidare vedtak her.

For vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram, så vil desse etterkvart ta opp att aktivitetane sine for avgangselevar som må ha tilgang til verkstader mv., men dette gjeld altså ikkje Volda vidaregåande skule.
Ha ei retteleg GOD Påske!