Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Om skulen > Skuleområdet

Skuleområdet

ØVRE BYGGET
 

ovrebygg

Skulen sitt hovudbygg er frå 1962 og heitte tidlegare Volda vgs. AF (allmennfag, også kalla gymnaset). Her finn vi undervisningsavdelinga til venstre og kontor-/læraravdelinga til høgre. Dette bygget inneheld 16 klasserom, diverse grupperom, 3 naturfagrom, språklaboratorium, rådgjevarkontor, bibliotek, kantine, festsal, personalrom, møterom, administrasjonen og vaktmeisterkontor/verkstad. Øvre bygget har siste åra vore gjennom ei oppussing som no er på det næraste fullført, nokre få detaljar står att.

NEDRE BYGGET
 

nedrebygg

Dette bygget vart bygt for Volda vgs, handel og kontor i 1986. Her skjer i hovudsak all undervisninga i musikkfag og mediefag.

VAKTMEISTERBUSTADEN

vaktmb

Den tidlegare vaktmeisterbustaden er i dag lite i bruk.

Det einaste er litt musikkundervisning og styrketrening.

VOLDAHALLEN OG SYMJEHALLEN

voldahallen
symjehall

Voldahallen er kommunal. Her har vi kroppsøving, utanom symjing i høgskulen sin symjehall.