Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Studietilbod

Studietilbod

Studietilbod

Vi innførte reforma "Kunnskapsløftet" på Vg1 hausten 2006. Den er no godt innarbeidd, men for interesserte har vi lagt ut fleire peikarar til stoff om denne reforma under Om skulen/Aktuell informasjon.

Skulen har desse utdanningsprogramma:

* utdanningsprogram for studiespesialisering (ST) Vg1, Vg2 og Vg3

* utdanningsprogram for musikk, dans og drama (MD) Vg1, Vg2 og Vg3.

* utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MK) Vg1, Vg2 og Vg3. 

* utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Vg1 (2018/2019)

* I tillegg kjem tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse der det er elevar som har fullført Vg1 og Vg2 yrkesfag, og elevar med fullført fagbrev.

Alle utdanningsprogramma ved Volda vgs. gir generell studiekompetanse over 3 år.

Den underliggjande fagstrukturen er delt i to hovudkategoriar (her presentert med nokre døme på fag):

Fellesfag - fag som alle må ta over 2 eller 3 år etter bestemt mønster, sjå under dei ulike tilboda.

Programfag - fag som er knytte til val av utdanningsprogram:

* Realfag - matematikk, fysikk, kjemi, biologi og informasjonsteknologi

* Språk, samfunnsfag og økonomi - engelsk, tysk, fransk og spansk, sosiologi og sosialantropologi, rettslære, marknadsføring og leiing og samfunnsøkonomi.

* Musikkfag - lytting, satslære, musikklære, komponering, formidling, instrumentalopplæring, kor, samspel mm.

* Mediefag - mediesamfunn, medieuttrykk, bilde, grafisk design, mediekommunikasjon, mediedesign og medieproduksjon.

Kunst, design og arkitektur - grafisk design, produksjon og presentasjon, arkitekturhistorie,  materiale, uttrykk og teknikkar, teikning, mm. (2018/2019)

Det er eit omfattande fagtilbod skulen kan tilby, og vi har mange fagseksjonar som arbeider tett saman:
* Norsk - fagkoordinator: Håvard Festø
* Samfunnsfag - fagkoordinator: Ragnar Didrik Osdal
* Realfag - fagkoordinator: Linn J. Driveklepp Øye
* Framandspråk - fagkoordinator: Lisbet Ose
* Øk. fag, service og samferdsel - fagkoordinator: Steinar Holstad
* Musikk - fagkoordinator: Kjetil Eiksund
* Medium og kommunikasjon - fagkoordinator: Åge Andre Breivik
* Kroppsøving - fagkoordinator: Even Rotevatn