Kunst, design og arkitektur
Frå og med hausten 2017 tilbyr Volda vgs utdanningsprogrammet "Kunst, design og arkitektur"
Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Og ønskjer du samstundes å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan Kunst, design og arkitektur (KDA) vere det rette for deg.
Namnet på programområdet skildrar godt det du vil få arbeide med: Kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), Design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og Arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Programområdet er studieførebuande.
Du lærer
- å teikne
- utforming av gjenstandar i ulike materiale
- å vidareutvikle dine kreative evner
- om kunst og kultur
- om stad- og byutvikling
- teoretiske fag
Du bør vere
- glad i å teikne
- kreativ
- interessert i design, form og farge
- opptatt av estetikk
- interessert i å skape noko
Du oppnår
- studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Vi legg bl.a. opp til at elevane som søkjer KDA hjå oss skal kunne oppnå spesialkompetanse for opptak til bl.a. ingeniør- og arkitektstudier vidare.