Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Studietilbod > Musikk, dans og drama

Musikk, dans og drama

Musikk, dans og drama

Du som vel musikk, bør i utgangspunktet ha evner og anlegg for dette, og du bør vere uthaldande og ha vilje til øving. Det er ein fordel om du meistrar eit instrument før du tek til. I tillegg bør du like å arbeide med teoretiske fag.

Du kan òg velje programfag frå andre utdanningsprogram. Du vil få nærare orientering om dette.

Inntil halvparten av Vg1-elevane kan takast inn på grunnlag av inntaksprøve. Søkjarane vil få tilsendt informasjon om dette.

Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ønskjer du å halde fram med høgare utdanning innanfor musikk, har mange av dei aktuelle høgskulane praktiske opptaksprøver.

Som for dei andre utdanningsprogramma er fagtilbodet sett saman av to typar fag: fellesfag og programfag. Fellesfaga er fag som norsk, engelsk, matematikk og framandspråk, medan programfaga er musikkfag som musikklære, kor, samspel, hovudinstrument og biinstrument.

Musikklinja framfører kvart år ein musikal. Dette er eit stort prosjekt som engasjerer alle elevar og lærarar på musikk, og også ein del elevar og lærarar på medielinja og service og samferdsel. Musikalen i februar 2016 heitte "Goodbye Yellow Brick Road", basert på musikk av den verdskjende artisten Elton John.

Musikalen 2016 var ført i pennen av Gunnar Sigve Aurdal, som er ein av dei mange kreative lærarane på musikklinja.

Elles har musikklinja kyrkjekonsertar, huskonsertar og ei rekkje andre konsertar.

Innanfor dette programområdet vert det undervist 35 timar per veke.

Klikk på peikaren under for å lese ein informasjonsbrosjyre om Musikk i Kunnskapsløftet.

Informasjonsbrosjyre musikk Kunnskapsløftet

Når du tek til i 1. klasse (Vg1) i musikk, dans og drama, må skulen vite kva framandspråk og matematikkvariant du skal ha. Tysk, fransk og spansk er framandspråka du kan velje mellom, anten slik at du held fram med det du har (hatt) i ungdomsskulen eller startar på eit nytt. Dei to matematikkvariantane er teoretisk eller praktisk matematikk. Det er viktig at du får god orientering på ungdomsskulen om dei ulike språk- og matematikkvariantane slik at du vel det som er rett for deg.

NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen, må ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed ikkje velje Musikk fordjuping 2 på Vg3.

Volda vidaregåande skule har følgjande tilbod under dette utdanningsprogrammet:

Vg1 Musikk

Fellesfag (23 timar/veke)
4 Norsk
5 Engelsk
5 Matematikk T/P
5 Naturfag
4 Framandspråk

Programfag (12 timar/veke)
5 Musikk (kor), dans, drama
2 Lytting
5 Musikk (musikklære, instrument, samspel)
Kroppsøving går inn i programfaga

Totalt 35 timar/veke

Vg2 Musikk

Fellesfag (18 timar/veke)
4 Norsk
3 Matematikk T/P
3 Samfunnsfag
2 Geografi
2 Historie
4 Framandspråk

Felles programfag (12 timar/veke)
5 Instrument, kor, samspel
5 Musikk i perspektiv 1 (lyttetrening, musikkhistorie, musikkhistorisk fordjuping)
2 Ergonomi og rørsle

Valfritt programfag
5 Musikk fordjuping 1(gehørtrening, komponering, formidling)

Totalt 35 timar/veke

Vg3 Musikk

Fellesfag (13 timar/veke)
6 Norsk
3 Religion og etikk
4 Historie

Felles programfag (17 timar/veke)
5 Instrument, kor, samspel
5 Musikk i perspektiv 2 (musikkhistorisk fordjuping)
2 Ergonomi og rørsle
5 Instruksjon og leiing

Valfritt programfag
5 Musikk fordjuping 2(gehørtrening, komponering, formidling)

Totalt 35 timar/veke

NB!Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen, må ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed ikkje velje Musikk fordjuping 2 på Vg3.

Kontaktpersonar

Jan Terje Eidset Jan Terje Eidset
Ass. rektor
71 28 23 09
Send e-post
Kjetil Eiksund
Fagkoordinator Musikk
71 28 22 67 /
Mob. 900 80 404
Send e-post

Dokument

Info musikk Kunnskapsløftet A
PDF-dokument - 197,57 kB