Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Studietilbod > Studiespesialisering

Studiespesialisering

Studiespesialisering

Utdanningsprogram for studiespesialisering heitte tidlegare studieretning for allmenne og økonomisk-administrative fag.

Volda vgs. tilbyr Vg1, Vg2 og Vg3 studiespesialisering.

  • Du som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.
  • Andre året vel du fordjuping innan eitt av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.
  • Utdanningsprogrammet gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag.

Generell studiekompetanse: Dei fleste høgskular og universitet krev generell studiekompetanse for å kunne ta til der.
Desse faga inngår i generell studiekompetanse etter Kunnskapsløftet:  norsk (14 t.), engelsk (5 t.), matematikk (8 t.), naturfag (5 t.), samfunnsfag (3 t.) og historie (4 t.).

Viktig når du søkjer om opptak på studiespesialisering

Når du tek til på Vg1 Studiespesialisering, må skulen vite kva framandspråk og matematikkvariant du skal ha. Tysk, fransk og spansk er framandspråka du kan velje mellom, anten slik at du held fram med det du har (hatt) i ungdomsskulen eller startar på eit nytt. Dei to matematikkvariantane er teoretisk eller praktisk matematikk. Det er viktig at du får god orientering på ungdomsskulen om dei ulike språk- og matematikkvariantane slik at du vel det som er rett for deg.

NB! Elevar som har valt fordjuping i norsk eller engelsk i ungdomsskulen må, i tillegg til obligatorisk framandspråk 1 på Vg1 og Vg2, ta 5t framandspråk II på Vg3. Dei kan dermed velje berre 2 programfag på Vg3.

Oversikt over fagtilbodet på Vg1, Vg2 og Vg3 Studiespesialisering:

Vg1 Vg2 Vg3
Fellesfag
(30 timar/veke)
Fellesfag
(15 timar/veke)
Fellesfag
(15 timar/veke)
4 Norsk 4 Norsk 6 Norsk
2 Kroppsøving 2 Kroppsøving 2 Kroppsøving
4 Framandspråk 4 Framandspråk 3 Religion
5 Engelsk 2 Historie 4 Historie
5 Matematikk T/P 3 Matematikk T/P  
5 Naturfag    
2 Geografi    
3 Samfunnsfag    
Programfag
(0 timar/veke)
Totalt 30 t/veke
Programfag
(15 timar/veke)
Totalt 30 t/veke
Programfag
(15 timar/veke)
Totalt 30 t/veke

Du finn detaljar om programfaga under Vg1 Studiespesialisering, Vg2 Studiespesialisering og Vg3 Studiespesialisering.

NB! Som de ser er det ikkje programfag på Vg1 studiespesialisering, men ved Volda vgs. har vi eit "spesialtilbod" med faget toppidrett fotball og handball. Klikk på peikar under "Dokument" i høgremargen for å lese om fagtilbodet på Studiespesialisering med toppidrett og Idrettsfag.

Kontaktpersonar

Jørund Fet
Avdelingsleiar ST
71 28 23 05 / Mob. 412 76 428
Send e-post
Lisbet Ose
Avdelingsleiar ST
71 28 23 07 / Mob. 478 51 220
Send e-post
Kristin Bakke Sæterås
Avdelingsleiar ST, SA, TK
71 28 23 08 / Mob. 915 69 705
Send e-post

Dokument

FAGOVERSIKT ST og IDRa
PDF-dokument - 19,03 kB